Handikaplaget i Vanylven reagerer sterkt på det dei kallar eit uverdig transporttilbod. Bjarthild Slagnes og Målfrid Rindal har i over eitt år kjempa for eit betre tilbod gjennom Pasientreiser.
– Pasientreiser og MediTrans opptrer utruleg arrogant, fortel leiar i handikaplaget i Vanylven, Bjarthild Slagnes, og økonomisjef Målfrid Rindal.
Handikaplaget meiner at tilbodet har blitt mykje dårlegare etter at MediTrans tok over pasienttransporten i kommunen.
– Vi har vurdert å melde tilhøva, men håpar at situasjonane skal ordne seg til det beste for brukarane, utan at vi må gå så langt, seier Slagnes.
Alvorlege klager
Handikaplaget har klaga på tilhøva til fleire instansar, deriblant Helse Møre og Romsdal, fylkeskommunen og Vanylven kommune. Slagnes har berre fått eitt svar. Det kom frå helseføretaket, som viste til Pasientreiser, som ansvarleg part.
Gjekk til nytt liv på raud løpar
Ho sit på fleire klager frå brukarar av tilbodet, og hevdar det er fleire enn dei som har sendt skriftleg klage, som er misnøgde med situasjonen.
– Dei som er eldre enn meg er gjerne ikkje vande til å klage, og nokre er så sjuke at dei ikkje har energi til det. Eg har 10–15 klager liggande frå brukarar, og eg må seie at nokre av dei er temmeleg alvorlege.
Ei dagsreise
Det er fleire ting handikaplaget reagerer på.
Rørslehemma kom seg ikkje inn på helsemøte
– Eit legebesøk tar ofte ein heil dag. Mor mi på 89 år skulle på sjukehuset og det tok 12 timar frå ho reiste heimanfrå til ho kom tilbake, fordi bussen hadde med andre pasientar.
Fjordenes Tidende har gjort fleire forsøk på å kome i kontakt med MediTrans for ein kommentar, men ikkje lukkast.
Tilrår at samarbeidet vert avslutta
Vanylven kommune er ikkje nøgde med måten MediTrans gjennomfører pasienttransporten i kommunen på. Livsløpsutvalet i kommunen behandla saka onsdag.
– Frå kommunen si side er vi misfornøgde med kvaliteten på transporten og gjennomføringa av tilbodet, seier Arnhild Nordaune, som er kommunalsjef for helse og omsorg i Vanylven kommune.
Beundrar dei som fekk han opp av rullestolen
Etter behandlinga i utvalet vart det også lagt til følgande i tilrådinga:
Vanylven kommune oppfordrar helseføretaket til å starte arbeidet med utlysing av nytt anbod, slik at pasienttransporten blir vesentleg betre frå sommaren 2017, då anbodsperioden er over.
Vidare vart det lagt til at utvalet oppmodar helseføretaket om å ikkje gjere opsjonen på forlenging av avtale med MediTrans gjeldande, og at utvalet tilrår at utvalet som har jobba for ambulanseteneste i Vanylven også jobbar med problemstillingane rundt pasientreiser.