Redaktør Erling Wåge hadde denne leiaren på trykk i Fjordenes Tidende tysdag:

Nergård Pelagic har bestemt seg for å demontere og flytte den nye fabrikken på Trollebø frå Vågsøy til Karmøy. Det skjer berre månader etter at Nergård opna fabrikken til rundt 300 millionar kroner. Samtidig forsvinn 20 viktige arbeidsplassar frå kommunen like fort som dei kom.

Denne saka har vore belastande både for Pelagia og Nergård. Den har kosta både tid, fokus og ikkje minst pengar. No bør partane legge saka bak seg. Alle må vi håpe at Pelagia vil satse tungt og at dei framleis vil vere ein viktig aktør både i Vågsøy, Selje og Bremanger.