– Det er heilt fantastisk. Det har blitt mykje romslegare for både ungane og dei tilsette, konstaterer Rita Lothe Mobakken, som er styrar i barnehagen saman med Karin Myhre Refvik.

Vaks seg ut av lokala

Den private barnehagen vart bygd på over 4.000 dugnadstimar i 2002. Sidan den gong har ein auka opp talet barn og tilsette, og det har etter kvart blitt trongt om plassen.

– Vi såg at personalfasilitetane verken var tilfredsstillande eller gode nok. Vi las om manglane i barnehagen i Holvik, byrja å sjå på eigne fasilitetar og fann ut at noko måtte gjerast. Så vi kontakta Frank Husevåg som teikna barnehagen i si tid, forklarar Mobakken.

– Personalavdelinga låg på eine sida av barnehagen, så vi måtte gå gjennom den eine avdelinga for å kome til den andre. Det vart mykje trakking, og det er først no vi skjøner kor trongt vi hadde det. Då hadde vi eit personalrom som fungerte som det og arbeidsrom for seks pedagogar. Rommet var 12 kvadratmeter, og når vi veit at ein pedagog skal ha seks kvadratmeter, så seier det seg sjølv at det var trongt, seier styraren.

Den nye etasjen med personalavdeling (det grå tilbygget til venstre) inneheld personalrom, arbeidsrom, kontor, dame- og herregarderobe med tilhøyrande toalett.

Inviterte til open dag

Det som var personalrom har blitt ein del av småbarnsavdelinga. Men barnehagen, som i dag har 63 ungar og 20 tilsette, vil ikkje auke opp talet plassar.

– Det har endeleg blitt betre plass, så då vil vi ikkje fylle opp igjen, seier Mobakken.

Påbygget har ført til at det blir betre plass for Markus, Tommy, William, June, Hauk, Linnea, Trygve Andre og dei 56 andre barna i som går i Skarevik barnehage.

I mai i fjor starta bygningsarbeidet, og 7. desember kunne dei tilsette flytte inn. Påbygget har kosta om lag fem millionar kroner, og er finansiert med låneopptak og oppsparte midlar.

– Vi føler vi har budd på ein byggeplass i nokre månadar, men no er det godt å endeleg vere på plass, slår styraren fast.

– Det er enkelte som har etterspurt ein slik dag, så då inviterte vi til kaffi og omvising. Det kom ikkje så mange, men eg trur dei som var der kosa seg. Og skulle det vere nokon som ikkje kunne kome, så er det berre å kome innom ein annan dag, smiler Mobakken.