Rektor Åsta Navelsaker Røed ved Måløy vidaregåande fryktar at ein reduksjon av studieplassar på Eid kan føre til kamp om plassane i Måløy.

– Dette kan få konsekvensar for Måløy på sikt. Ein reduksjon på Eid vidaregåande skule kan føre til at det blir meir søkarar her, og dermed større kamp om plassane, understrekar Åsta Navelsaker Røed.

– Eg har tru på at det skal løyse seg, men det er ganske dramatisk. Elevar frå Måløy kan pendle til Eid, men ikkje til Firda, Stryn eller Sogndal om det blir kamp om plassane her, samanfattar rektoren.