Helse Førde opnar helseuniverset og lar næringslivet få eit innblikk i ulike felt innan bygg, anlegg, medisinteknisk utstyr, IKT, hjelpemiddel, logistikk, medisin, kirurgi og økonomi.

– Her har bedriftene ein unik sjanse til å få innblikk i eit system som byr på store mulegheiter innan innovasjon, seier Jan Atle Stang, regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

Spørsmålet om kva pasienten hadde gjort om han eller ho fekk styrt og organisert arbeidet er sentralt når Helse Førde no er i gang med å planlegge framtidas spesialisthelseteneste.

Helse Førde er den største arbeidsplassen i fylket, og har over 3000 tilsette fordelt på fire klinikkar. Vi blir fleire eldre og sjuke i fylket, men vi blir ikkje fleire yrkesaktive. Denne utfordringa vil krevje samarbeid og nytenking, og Helse Førde treng alle gode hjelparar i fylket som ønskjer å utvikle framtidas spesialisthelseteneste saman med oss, skriv Helse Førde i ei pressemelding.