Ordførar i Bremanger Audun Åge Røys (H) ser mørkt på at samtlege innbyggjarar i Bremanger, gjennom nærpolitireforma, kan få eit polititilbod som er mykje dårlegare enn politiet sine kvalitetskrav.

Eitt av kvalitetskrava for politiet er nemleg at tenestestadene skal lokaliserast slik at minst 90 prosent av innbyggjarane skal ha mindre enn 45 minutt køyretid til nærmaste polititenestestad.

Etter et dialogmøte med politiet og nabokommunar om nærpolitireforma meiner han det er viktigare enn nokon gong å vere raskt ute med på seie kva ein i kommunane meiner om reforma. Ei arbeidsgruppe i politiet jobbar for tida med å skissere framtidas politistruktur.

- Vi må legge inn synspunkta våre no. Om vi ventar til høyringa er prosessen komen for langt, sa ordføraren til formannskapet torsdag.

Seier nei til nedlegging

Røys vil ikkje sjå på at Bremanger lensmannskontor blir nedlagt, og trur ikkje dette er til det beste for innbyggjarane i kommunen.

- Om Bremanger lensmannskontor i Svelgen blir nedlagt, vil alle innbyggjarane i Bremanger, 3860 personar, få lenger køyretid enn 45 minutt til næraste tenestestad, som då vert Florø. Allereie i dag har innbyggjarane på øyane i ytre del av kommunen, 1.500 personar, mellom 40 og 60 minutt køyretid til Svelgen og nærare to timar til Florø, skriv han i eit brev til politiet.

- Dette vil ikkje vere haldbart, og vil vere risikofylt og føre til unødvendig belastning for pesonell som ikkje er trena til det, særskilt i møte med kriminell i kombinasjon med rus og psykiatri, seier han.

Store avstandar

- Med tunnelbrannen i 2015 friskt i minne og dei mange steinspranga som har forårsaka uhell og nesteulukker, er vi uroa over beredskapen når slik og andre uønska hendingar skjer.