Medan naboane er leie etter 18 månader med høge smell og boredur har byggestøyen vore musikk i øyra til innehavarane av Leirgulen Handel, Therese Kolseth, (36) Avital Stanger (38), Leirgulen.

– Dei 30-40 arbeidarane på anleggsarbeidet med Bremanger 2-sambandet som har vore her har bidrege til å halde oss på den positive sida av botnlinja, seier Avital.

– Det har vore heilt topp for oss. Arbeidsfolka har handla alt muleg, lunsj, middag og snacks, og vore flinke til å støtte oss, noko som har vist igjen i tala for butikken. Men vi håper jo sjølvsagt at ny veg også skal slå positivt ut, seier Therese.

– Du kan seie at vi er positive, men også realistiske, supplerer ektemannen.

For ekteparet, som tok over butikken i Leirgulen for litt over to år sidan, er ikkje heilt sikre på kva dei kan forvente når den nye vegen opnar. Men dei trur det blir til det betre – både for dei og bygda.

– Absolutt. Men faren er jo der for at det kan gå andre vegen. At folk forsvinn til Svelgen for å handle. Men vi håper jo at folk vil handle med oss. Vi håper også på meir sommartrafikk og folk som småhandlar litt på helgetur, eller på veg til Førde, seier Therese, som ikkje ser for seg at folk på gjennomreise tek storhandelen hos Leirgulen Handel.

– Men at folk stoppar og tek seg ein brus eller ein is, det hjelper kjempemasse, det også, smiler ho.

Dei planlegg ikkje dei store endringane i butikken i samband med vegopninga, men har tankar om kva dei kan gjere på sikt.

– Av mindre tiltak har vi pussa opp og gjort det finare utanfor butikken. Vi har også fått skilt langs vegen på rugsundsida om at her er butikk, og håper å få det på andre sida også. Vi syslar også med tanken om å kjøpe inn ei kaffimaskin, og kanskje steike opp wienerbrød og bollar, seier Therese som ser føre seg at folk kan trenge litt rask vegmat.

Therese og Avital sitt mål er å kunne gjere butikken til en lønsam arbeidsplass for to. Førebels er ikkje det muleg. Men Bremangersambandet 2 kan vere eit steg i riktig retning.

– Kanskje fleire familiar vil kome hit no som vegen opnar. Det blir mykje lettare å bu her og få seg jobb andre stader i nærleiken, seier Therese og Avital.

Les meir om vegopninga i papirutgåva onsdag 15, mai.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.