Dette vart klart etter at ungdomar frå heile fylket var samla på Skei denne helga for å delta på fylkesting for ungdom.

– Eg er enormt takknemleg for å ha fått denne tilliten av fylkesting for ungdom. Eg ser fram til å ta tak i alle sakene som vart vedtatt saman med resten i utvalet, seier han.

Mellom anna ønskjer fylkestinget for ungdom ei utviding av aldersgrensa til ungdomskortet, dei er mot kutt av klassetilbod ved Eid vidaregåande skule og for ei større satsing på entreprenørskap.