Vidaregåande skular, vegbygging og næringsutvikling blir dei viktigaste sakene for den nye fylkesordføraren, Jenny Følling.

Senterpartiet gjorde eit brakval i Sogn og Fjordane. Det førte til at sitjande fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) og fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) vil skifte roller dei kommande åra.

– Valresultatet var så pass klart at det var naturleg at vi fekk fylkesordføraren, seier Jenny Følling som skal styre fylket dei neste fire åra.

– Eg gler meg til å ta fatt på denne utfordringa. Eg har lyst til å reise rundt i fylket og ha god kontakt med alle som bur her, seier ho.

Det blir utfordrande

Men ho er veldig klar på at det blir utfordrande år for fylkeskommunen.

– Det blir mindre pengar å fordele i åra som kjem. Det har vi fått klare signal om. Dermed må vi prioritere stramt. Min jobb blir todelt. Eg må jobbe for gode prosessar internt i fylket, og samtidig stå på utanfor fylket for å syne behova våre, og å jobbe for at dei økonomiske rammene blir større, seier Følling.

Ho er veldig oppteken av dei vidaregåande skulane. Ho vil halde på dagens struktur og vil at kvar enkelt skule skal ha eit best mogeleg tilbod.

– Kva med tilboda på dei ulike skulane?

– Vi må ha elevar for kunne ha klassar. Utfordringa blir å ha nok elevar til alle linjene, seier Følling.

– Vidare vil eg jobbe for å få bygd vegar og å legge til rette for at næringslivet skal kunne utvikle seg.

Er audmjuk

Ho er veldig audmjuk for den tilliten veljarane i fylket har synt ho gjennom valresultatet. Og ho er audmjuk for den oppgåva ho skal inn i.

– Det blir spennande. Eg føler eg har eit godt utgangspunkt gjennom fire år som fylkesvaraordførar og som fylkesleiar for KS, seier Følling.

Senterpartiet sikra seg fleirtal gjennom ein avtale med Ap, KrF og SV. Ap og Sp får tre personar kvar i fylkesutvalet og kvar sin utvalsleiar.

Høgre, Venstre, Frp og Miljøpartiet må fordele to plassar i fylkesutvalet, og ein utvalsleiar seg i mellom.

Blir største gruppa

Senterpartiet blir største gruppa i Fylkestinget med 10 representantar. Arbeidarpartiet mista to mandat og får ni.

Høgre mista tre representantar og sit igjen med fire. Kristeleg Folkeparti, Venstre og Framstegspartiet mista kvart sitt mandat og sit igjen med to kvar. Sosialistisk Venstreparti mista eitt mandat og vil ha ein representant. Nye er Miljøpartiet dei Grøne med ein representant.