Dvergdal og Sunde selde seks av 19 leilegheiter i leilegheitskomplekset Sagaparken Panorama under salssleppet på Nordfjordeid fredag.

– Den dyraste leilegheita, som kostar i overkant av sju millionar kroner, gjekk etter om lag ein halvtime. Elles er kjøpa jamt fordelt, vi har solgt både av dei billegaste og dei dyraste, fortel avdelingsleiar i Dvergsdal og Sunde på Nordfjordeid, Rune Sunde.

Den minste og billegaste leilegheita kostar om lag tre millionar kroner, medan den dyraste kostar vel sju millionar kroner, og ligg på toppen av det fem etasjar høge bygget.

Kvadratmeterprisen ligg mellom 42.000 kroner og 52.000 kroner, alt etter kor påkosta leilegheitene er.

– Vi er sjølvsagt svært godt nøgde med at vi fekk selt seks leilegheiter utan at vi eigentleg har starta marknadsføringa. Det har vore utruleg mange som har vore innom kontoret for å få tak i prospektet, seier Sunde.

Om leilegheitskomplekset skal bli bygd har Sunde uttalt at dei må selje 12 av dei 19 leilegheitene og er no halvvegs.

– Dersom dei restarande leilegheitene går like fort, så ser vi føre oss byggestart rett over påske. I så tilfelle vil bygget stå klart våren 2017, fortel han.

Det er så langt ikkje avklart om Dvergsdal og Sunde skal byggje heile prosjektet sjølve, eller om dei vil ta delar av det.