Rune Sunde i Dvergsdal og Sunde, meiner marknaden ser god ut etter at om lag 50 interessentar møtte opp på salssleppet til leilegheitskomplekset Sagaparken.

– Vi hadde femti interessentar her i kveld, i tillegg til at vi har nokre som ikkje kunne vere med, så dette er eit teikn på at marknaden framleis er heit på Nordfjordeid, fortel avdelingsleiar i Dvergsdal og Sunde på Nordfjordeid, Rune Sunde.

– Utan at eig veit noko om kvifor UNU trekte seg, så kan det vere at prosjektet vårt er så spanande at nokre av kjøparane flyttar seg mellom prosjekt. Det kan vere at dersom vi ikkje hadde presentert planane våre no i dag, så hadde dei hatt ein sjanse, fortel Sunde.

Frå tre til sju millionar

Dei 19 leilegheitene i Sagaparken Panorama varierer i storleik i alt frå to- til femroms, og frå 62 til 159 kvadratmeter.

Den minste og billegaste leilegheita kostar om lag tre millionar kroner, medan den dyraste kostar vel sju millionar kroner, og ligg på toppen av det fem etasjar høge bygget.

– Vi har ein kvadratmeterpris som ligg mellom 42.000 kroner og 52.000 kroner, alt etter kor påkosta leilegheitene er.

Ein spanande dag

– Om ein hadde slått saman to av toppleilegheitene i det planlagde bygget vårt hadde det kome på vel 12 millionar for om lag 280 kvadratmeter, så det er der vi ligg, seier Sunde, som vart strålande fornøgd med å endeleg ha fått vist fram planane for leilegheitskomplekset.

– For meg personleg er det stort. Det er det fyrste store prosjektet mitt og har på mange måtar blitt babyen min, så det har vore ein del sommarfuglar i magen før denne dagen, fortel Sunde.