Vågsøy har ikkje vore med i eit destinasjonsselskap sidan i fjor vår. Ordførar Kristin Maurstad (Ap) meiner ein no må ta stilling til om kommunen skal vere med i eit reiselivssamarbeid.

– Eg har kalla inn Visit Nordfjord og Visit Fjordkysten til to ulike formannskapsmøte, i løpet av oktober, slik at dei kan orientere politikarane om arbeidet sitt. Eg meiner det er viktig at kommunestyret tar med seg denne vurderinga inn i budsjettarbeidet, for det er ein kostnad knytt til å gå inn i eit slikt samarbeid, seier Maurstad, som samstundes peikar på at den framtidige kommunestrukturen kan ha noko å seie for ei slik avgjerd.

Det var i fjor vår at eit samrøystes kommunestyre gjekk inn for å avslutte samarbeidet med Visit Nordfjord (då Reisemål Stryn og Nordfjord). Den gong vart det av rådmann Knut Ove Leite, peika på at av dei ti medlemsbedriftene i kommunen så var to inaktive, medan ytterlegare to selskap var registrert i nabokommunane. I tillegg var det snakk om å etablere eit felles destinasjonsselskap for Nordfjord og Sunnmøre, noko som ville medført 80.000 kroner i auka utgifter for Vågsøy.

Maurstad fortel at ein i vedtaket også var samde om at ein skulle sjå på alternative løysingar for reiselivet, noko ein no er i gong med.

– Samstundes som vi ikkje har vore medlem i Visit Nordfjord har vi hatt mykje med destinasjonsselskapet å gjere via Nordfjord Vekst og Nordfjordrådet. Hovudpoenget og ein del av grunnen til utmeldinga var at vi ikkje har dei store reiselivsaktørane i kommunen som er med. Det er ikkje kommunen åleine som skal drive utvikling, det er viktig at aktørane sjølve er sterkt med, seier ordføraren.

– Det handlar om å bli profilert saman med resten av regionen, og om å vere ein del av ein større samanheng, seier ho, og legg til:

– Eg vart veldig imponert over den nye profilen til Visit Nordfjord, men Visit Fjordkysten har også mange spanande prosjekt på gang.