Fjord Shipping auka omsetnaden med 34 prosent og har fått driftsansvaret på fem nye skip det siste året. No vil selskapet vekse vidare i nye lokale.

– Vi ønskjer alltid å få driftsansvaret for fleire skip. Vi fekk fire nye skip i fjor, og har så langt fått eitt nytt i år. Fire nye skip er ganske krevjande, så vi gjennomførte også fire nytilsettingar. Trass i at vi auka topplinja og omsetnaden, såg vi ikkje den same auken i botnlinja, fordi vi investerte i folk og framtida, seier dagleg leiar i Fjord Shipping, Trond Myklebust, og legg til:

– Vi er godt skodde for framtida no. Vi har fått på plass mange dyktige folk og vi er slik sett klar til å ta inn fleire skip utan å auke staben ytterlegare. Så dette jobbar vi knallhardt for no.

Måløy-selskapet Fjord Shipping er eit driftsselskap for skip. Bedrifta driv skip for andre reiarlag eller skipseigarar, og har per i dag 21 skip på kontrakt, der to av skipa ligg i opplag. 10 av dei 21 skipa er fryseskip, 9 er olje- og kjemikalietankarar og 2 er spesialfartøy.

Fjord Shipping er ansvarleg for drifta av skipa med omsyn til mannskap, teknisk oppfølging, vedlikehald, HMS og innkjøp.

– Fire av dei fem nye skipa kom frå nøgde kundar vi har samarbeidd med i lang tid. Eit av skipa fekk vi etter at eksisterande kundar hadde anbefalt oss, noko som er veldig hyggeleg, seier Myklebust.

– Allereie i fjor vår måtte vi kaste ut rekneskapsavdelinga. Vi såg då at å halde god drift i selskapet utan å sitte saman med rekneskap er litt vanskeleg. Vi er avhengige av å sparre med dei heile tida for å behalde full oversikt og kontroll på kostnadane, så det var ei velsigning å kome hit, seier Myklebust.

I 2014 hadde Fjord Shipping ei omsetting på 25,7 millionar, og i 2015 auka denne med 34 prosent til 34,5 millionar. Resultatet før skatt var på 10.000 kroner.

Omfattande omstilling

Fjord Shipping er inne i ein omstillingsfase. Innføringa av nye system er omfattande for selskapet og dagleg leiar Trond Myklebust fortel at det krev ei omstilling for dei tilsette.

– Det er ganske krevjande. Tidlegare, då reiarlaget var mindre, låg mykje i hovudet til dei tilsette, og folk jobba ut ifrå det dei visste frå tidlegare og personlege eigenskapar. No er drifta i mindre grad personavhengig forklarar Myklebust.

Fjord Shipping prøver med omstillinga å få meir av drifta sett inn i system, noko den daglege leiaren ser positivt på.

Moglegheiter i framtida

Per i dag driftar Fjord Shipping ulike skip, men selskapet ser ikkje vekk frå at dei vil gå inn i andre bransjar i framtida.

– Vi må gjere ting i den rette rekkefølga, men vi ser på moglegheitene for å konkurrere i andre nisjar. Fornybar energi og offshore er moglege bransjar for oss, sjølv om det ikkje går så bra med offshorenæringa no. For å få til dette må vi gjennom ei ISO-sertifisering, forklarar dagleg leiar Trond Myklebust, og legg til:

– Denne ISO-sertifiseringa er noko vi brukar mykje tid og ressursar på no. Dette har med kvalitet, system, dokumentasjon og miljø å gjere. Vi gjer ikkje dette berre for å forberede oss for nye nisjer, men og for å kunne levere enno betre tenester til kundane våre, og på sikt kanskje utvide tenestene våre.

Selskapet har i dag to hovudkundar som gir dei mange oppdrag. Det viktigaste for Myklebust er at selskapet skal utvikle seg med dei.

– Vi er svært takksame og audmjuke for tilliten dei viser oss. Vi har mange dyktige folk som har jobba med dette over tid. Skal vi lukkast med å vere attraktive må vi vere ekstremt «hands on». Vi skal gjere heile jobben og dei skal sleppe å tenke. Vi må vere gode på dokumentasjon, rapportering, kommunikasjon og samstundes vere gjennomsiktige for kundane våre, understrekar han.