Det er ikkje berre Eidselva som har hatt stor aktivitet denne sesongen som følgje av høg vasstand.

Fram til midtsesongteljinga i juli hadde Åheimselva i Vanylven hatt ope for fisking 19 fleire dagar enn på same tid i fjor, då det berre var ope åtte dagar.

– Vassføringa i elva har vore særdeles god i år. Fram til midtsesongteljinga hadde vi opa elv for fiske heile 27 døgn.

Tilsvarande i 2014 var åtte døgn og i 2013 var ikkje elva open denne perioden. Nedbør og mykje snø i fjellet må få æra for dette, seier leiar i Åheim elvefiskarlag, Svein Thue.

– Fangsten fram til fyrste veka i juli var særdeles god. Det vart teke 93 fisk mot 79 i 2014. Medan talet på fisk i gruppa 3 til 7 kg var på 9 stykke i 2014, kunne vi gle oss over 33 stykke i denne gruppa i år. Vi veit at det etter teljinga er teken meir småfisk under 3 kg og det vert spanande å sjå oppsummeringa etter sesongen, seier han.

Dei gode fiskeforholda syner også att på tal fiskekort som er selde.

– Kortsalet fall til 400 kort i 2014, medan vi i år reknar med mellom 600 og 800 kort, fortel Thue.

Sesongen i Åheimselva varer til 31. august.