Kråkenes blir i lag med Stad sentrale i ein ny TV-serie PÅ NRK på åtte program som hyller det norske vêret og som skal visast på nyåret

Eli Kari Gjengedal (f.v.) og resten av TV-teamet bak programmet «Værbitt» var sist veke på Kråkenes for å oppleve den perfekte stormen.

– Det var ei kjempeoppleving. Vi fekk fine bølgjer og høg sjø, seier Gjengedal.

– Det var heilt fantastisk! Det var nydeleg natur og ein vakker storm frå rett vindretning, altså nordvest, smiler Eli Kari Gjengedal etter å ha besøkt Kråkenes fyr.

– Vi feira 17. mai på Vestkapp og Ervik, og det var då Thomas Bickhardt som inviterte meg tilbake til Kråkenes fyr og det han kallar «the perfect storm», for å oppleve kor vakker ein storm kan vere. Så no var det jammen på tide at han kom, seier Eli Kari Gjengedal, som er programleiar i serien.

Programmet som blei spelt inn sist veke i Vågsøy, er det første som blir vist på TV.

– Dette er eit veldig viktig program, for det skal markere at dette er bra greier, fortel Gjengedal.

Programmet handlar om Stad som ligg midt i Norge og vestavindfeltet.

– Vi har store kontrastar i dette landet og vi kjem ikkje utanom Stad og det som er Norges mest vindfulle fyr, Kråkenes fyr. Heile serien er ein hyllest til det norske vêret, seier programleiaren.

At vi i løpet av dei åtte episodane av serien «Værbitt» får sjå både Kråkenes, Refvik, Ervik og Stadlandet i to ulike program er ikkje tilfeldig.

Heile saka stod i papirutgåva onsdag 4. desember.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende