Medan brannkorpsa i Selje, Eid og Vanylven har skaffa seg tankbil, står Vågsøy og Bremanger utan. Alle korps meiner likevel dei er godt rusta.

Fekk hjelp frå gyllevogner

Selje-brannsjef Geir Petter Hatlenes seier innbyggjarane skal føle seg trygge på at brannmannskapa har tilstrekkeleg med sløkkevatn for å kunne handtere brannar av ulik størrelse. Men det er berre i Selje Sentrum og på Leikanger der er kommunalt leidningsnett og vassverk. Flatraket har privat vassverk og leidningsnett som brannkorpset kan kople seg til for å skaffe sløkkevatn. Under ein grasbrann på Stadlandet for nokre år sidan vart bønder med gyllevogner nytta i sløkkearbeidet med god effekt.

– Då investerte vi i ein tankbil som har plass til 16.000 liter vatn. I tillegg har vi ein hovudbil som tek 3.500 liter. Tankbilen er stasjonert på Stadlandet då behovet er størst der, men blir tatt i bruk i heile kommunen ved behov.

Får låne frå Eid

Vågsøy-brannsjef Kim Hjelle er ikkje uroa over at dei ikkje har tankbil, og meiner dei har både nok utstyr, mannskap og vatn.

Dei har også moglegheita til å låne tankbil frå Eid dersom det skulle vere behov for det.

– Men stort sett finn vi vatn over alt, og vi har oversikt over bekkar og elvar. Vi hentar vatn frå havet og har gode pumper. Vi er rimeleg bra skodd, fastslår han og legg til at Vågsøy er godt utrusta med hydrantar.

– Vi har det vi treng.