– Dirigenten vår seier at stykket sit som det skal, men det krev fullt fokus og at vi gjer det vi har øvd på, seier leiar i Kjølsdalen Musikklag, Anne-Britt Dypveit.

Torsdag dreg musikklaget til Bergen, og fredag sit dei på scena i Peer Gynt-salen i Grieg-hallen.

For korpset frå Kjølsdalen er det ikkje så viktig korleis det går i konkurransen.

– For oss handlar det mindre om prestasjonen, og meir om vegen dit, reisa vi har hatt saman med dirigent Arvid Anthun, seier Dypveit, som forklarer at deltakinga i NM er eit middel for dei til å bli betre.

– Viss vi går på scena og føler vi har har gjort vårt beste, at det gjekk bra, så er målet nådd, seier ho, og legg til:

– Og så får vi sjå kva plassering det fører til.

To år sidan sist

Kjølsdalen Musikklag har deltatt i NM for brassband fleire gonger før. Sist for to år sidan. Det er krevjande for korpset å gjere det, men dei likar å strekke seg.

– Vi stiller i det som kallast 5. divisjon, men det er likevel ikkje berre-berre for oss. Det betyr ekstra jobbing, innsats og øving. Og det er ei avgjerd korpset tar saman, seier Dypveit, som fortel at det spesielt er dei yngre i musikklaget som har ivra for å reise.

– Ja, dei hadde verkeleg lyst til det. Dei gler seg veldig.

Kjølsdalen Musikklag, som tel 29 medlemmer totalt, har heile ti medlemmer i skulekorpsalder, noko dei er veldig glade for.

– Og no skal fleire av desse vere med på NM for første gang. Det er kjempefint at det kjem inn yngre folk som har lyst å øve meir og få større utfordringar, seier Dypveit.

Fornøgd med øving

Orkanen Tor sette stoppar for øvinga fredag, men korpset fekk ei god gjennomkøyring både laurdag og søndag.

– Vi trur det sit som det skal. Dirigenten vår seier i alle fall det. Det krev fullt fokus og at vi gjer det vi har øvd på, men det føles bra!

Kjølsdalen Musikklag deltar i 5. divisjon med 11 andre korps. Frå våre kommunar skal Flora-Bremanger brassband skal også delta, men dei deltek i 3. divisjon.