For fjerde året på rad gleda Flora-Bremanger Brassband det store publikummet sitt i Svelgen med ein storslått nyttårskonsert. Med seg hadde dei fleire lokale gjestar av solid kaliber.

Gamle tradisjonar er viktige for dei fleste i jule- og nyttårshelga. I Svelgen er den høvesvis nye konserttradisjonen blitt veldig populær. Svært mange møtte opp laurdag for å få ein pangstart på det nye året.

Publikum vart møtt i døra med tilbod om kanapear og musserande glas frå unge uniformerte musikarar. Slikt gir høgtidsstemning.Einar Nesbakk, som både var lydansvarleg og gjestegitarist under konserten, var full av både undring og beundring lenge før konserten i det heile tatt starta.

– Eg har vore her under førebuingane og det er ikkje lite arbeid dei har lagt ned for å få til dette. Det er berre utruleg imponerande, sa han.

Nytt år – nye fargestiftar

Kultursjef Espen Frøysland stilte som konferansier.

– Nyttårskonsert. Berre ordet får oss til å tenke på stor musikk, festkledde menneske og eit nytt år med «blanke ark og fargestiftar tel», sa Frøysland.

Og akkurat slik vart det i Svelgen.

Flora-Bremanger Brassband, som i fjor kunne feire 10-årsjubileum, har utvikla dei beste musikarane frå korpsa i dei to kommunane og gjort dei endå betre – under leiing av dirigent Johnny Sælemyr. Amatørmusikarane var tydeleg superskjerpa til den store nyttårskonserten og leverte det eine stykket meir imponerande enn det førre. Dei sette i gang konserten med Fire in the blood. Ein skikkeleg kickstart med så skiftande desibel at publikum ikkje kunne anna enn skvette til i stolane. At eit stort brassband kan levere komplisert presisjon med taktpinnen i orkesterleiaren si hand som leietråd – er imponerande.

Kor mange øvingstimar den enkelte legg ned kan ein berre fantasere om. Fay Løvseth spelar horn i Brassbandet og er også dirigent for Svelgen skulemusikk og Bremanger Mannsangforening. Ho var solist under framføringa av He ain`t heavy – he`s my brother, til stor applaus frå publikum. Dei avslutta med Disneys forrykande Planes før dei overlét scena til skulemusikken.

Svært fengande

Skulemusikken gav publikum tilbake julestemninga for ei stakka stund med temamusikken frå Tre nøtter til Askepott – eit flott arrangement med Anna Igland og Erlend Henden som solistar på kornett. Deretter framførte dei «All about that bass» frå popkometen Meghan Trainor. Det var rett og slett berre stilig! Det fengande arrangementet var laga av Idar Torskangerpoll.

Flora-Bremanger Brassband hadde fleire gjestar. Bremanger Mannsangforening framførte Nå tømmer vi vårt glass, Dans, dans med oss og Nå tennes tusen julelys.Gruppa Freeman består av Einar Nesbakk, Elisabeth Solbakken og Laila B. Førde. Dei presenterte songar frå mellom anna Fleetwood Mac og Joni Mitchell sine repertoar.

NM i Brass i februar

Flora-Bremanger Brassband gjorde krav på scena igjen og slo til med årets bidrag til NM i Brass, nemleg Firestorm – ein rapsody for Brassband. Meisterskapen blir arrangert i Grieghallen i Bergen i byrjinga av februar og bandet skal konkurrere i 3. divisjon. Det blir 9. gongen dei er med – og dei kan frå før skilte både med 1. og 2.-plass.