Rv 15 ved Bryggja i Vågsøy har vore stengd i fleire timar søndag etterden tragiske trafikkulukka der ei kvinne mista livet.

Ulukka skjedde like før klokka 10.00 på skjærtorsdag.

Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane Politidistrikt, Per Rimmen, sa tilFjordenes Tidende klokka 13.45 at dei framleis vil ha bruk for å ha vegenstengd ennå medan etterforskinga og opprydding etter ulukka skjer.

Rimmen kunne ikkje då seie meir om årsaka til ulukka der to personbilarfrontkolliderte på ei strekning like vest for grendehuset på Bryggja.

Sjølv om vegen er stengd, er det muleg med omkøyring. Trafikken vart dirigert på gamlevegen gjennom Bryggja sentrum.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.