– Uansett korleis ein vrir og vender på det så blir det kostnadar for Eid og Vågsøy. Å bruke dei pengane på Bryggja i staden for Stårheim framstår som ein tanke ein burde undersøke, sa Tore Hjelle (H) i debatten om kva som skal skje med Bryggja-elevane.

Kostnadane ved å oppretthalde Bryggja skule fram til 2020 er estimert til 5 millionar kroner.

Vågsøypolitikarane har vedteke å leggje ned skulen på Bryggja frå hausten 2018. Samstundes er det vedteke ei grensejustering for Bryggja, som gjer at bygda blir ein del av Stad kommune frå 1.1.2020.

Formannskapsmedlemmane var samde om at ein raskt må kome fram til ei løysing for elevane på Bryggja.

– Vi må ha eleven i fokus. Same kva løysing vi endar på, så må vi lande raskt. Det er snakk om ungar som ikkje veit kvar dei skal gå på skule til hausten.

1. Avtalen mellom Eid og Vågsøy om overgangsordning for elevane på Bryggja vert ikkje godkjent før dei økonomiske vilkåra er tydelegare klargjort mtp dekking av skuleskyss,lærarnorm, spesialpedagogikk og andre elevrelaterte utgifter. Etter Eid kommune sittsyn må pengane følgje elevane for dei elevane som ynskjer å gå på Stårheim skule. Det må vere bestemt på førehand og omtala i avtaleteksten korleis dette skal løysast i praksis, jmf framlegg i saka frå rådmannen i Eid.

2. Eid kommune er positive til å bidra til å oppretthalde skulen på Bryggja fram til 01.01.2020, med friske midlar på inntil kr 1 million. Eid kommune oppmodar Vågsøy kommune til å vurdere på nytt ei løysing med kommunal drift av skulen på Bryggja med eit slikt bidrag frå Eid kommune, og evt også i dialog med Selje kommune.

3. Eid kommune ber snarast om eit møte med Vågsøy og Selje der ein drøftar innhaldet i punkt 1 og 2 og kjem fram til ei ny avtale.