Eid kommune manglar opplæringsareal til einslege mindreårige flyktningar. Eit av alternativa er å lage eit tilbygg på Eid vidaregåande skule, noko som vil koste kommunen 528.000 kroner i leigeutgifter årleg.

Eid kommune har vore i dialog med Sogn og Fjordane fylkeskommune om utfordringane dei har knytt til areal for opplæring til denne gruppa, som består av 10–12 personar. Kommunen treng om lag 200 kvadratmeter som skal innehalde to klasserom og eit fellesareal.

– Denne løysinga vil gje skulen fleksibilitet og kapasitet til å tilby dykk ynskt areal i eksisterande skule med god integrering i skulen, skriv Jan Tore Rosenlund, som er bygge- og eigedomssjef i fylkeskommunen, i eit brev til kommunen.

Han skriv vidare at for å realisere dette er det naudsynt å finansiere tilbygget gjennom leigeinntekter frå kommunen. Dei stipulerte leigeutgiftene er på 528.000 kroner årleg. Dette dekker kapitalkostnad, reinhald, energi og teknisk drift.

– For fylkeskommunen er det eit dilemma. Vi er veldig positive til samarbeidet mellom opplæring og integrering, men det er lang kø på prosjekt hos fylkeskommunen. Eigentleg har vi overskotsareal i Nordfjord. Vi har ein fin dialog med Eid, men det er mange omsyn for oss å ta. Dersom det blir ei kortsiktig avtale inneber dette større risiko for fylkeskommunen, seier Rosenlund til Fjordenes Tidende.

– Fylket har antyda ein leigepris på 500.000 i året. Grovt sett er det eit utgangspunkt vi kan legge fram til politisk behandling. I utgangspunktet la ein fram ei avtale som strakk seg over fem år, dette var noko vi kunne vere med på. Men no ønskjer fylkeskommunen ei lenger kontrakt på opp mot 20 år, og i alle fall 10 år. Det er problematisk med tanke på at vi ikkje veit korleis tilstrøyminga av flyktningar blir framover, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.