– Eg meiner det er direkte uforsvarleg å ta denne diskusjonen utan styreleiar Reidar Sandal i Kystvegen Måløy-Florø til stades for å forklare korleis dei kom fram til konklusjonen sin, meinte Espen Sortevik.

Styret i Kystvegen Måløy-Florø tilrådde onsdag at Sogn og Fjordane fylkeskommune burde gå for ytre trasé både for Nordfjord-kryssing og frå Sørdalen til Gerov.

Åse Leirgulen (Ap) meinte det var viktig at ein no tok alvoret innover seg. Ho meinte denne avgjerda ikkje berre gjaldt val av trasé, men også om skulle få ein kystveg i hamn i det heile i overskueleg framtid.

Fleire meinte ein hadde meir enn nok kunnskap om kystvegen og ulike trasear til å ta ei avgjerd, blant anna Stig Bakke (KrF) og Magne Kjerpeset (Sp).

Etter eit gruppemøte var Ap samla om eit utsettingsforslag. Voteringa enda 14 mot 9 for ei utsetting.

Sp (fem representantar), KrF (éin representant) og tre av Høgre sine fem representantar stemte imot.