Ei kai for mindre cruisebåtar, bustadfelt og smoltanlegg er berre noko av det Selje Næringsforening foreslår å bruke massane frå Stad skipstunnel til.

– Eitt av Selje kommune sine store potensial er nettopp turisme og satsing på dette, seier Atle Riksfjord, leiar i Selje Næringsforening, som poengterer at dei framleis er i myldringsprosessen og ein tidleg fase.

Sju ulike forslag

I haust hadde Selje Næringsforening medlemsmøte, der dei kom fram til fleire forslag om kva massane frå Stad skipstunnel kan bli brukt til.

I tillegg til ei kai for mindre cruisebåtar, finn ein på lista småbåthamn, bustadfelt, industriområde, smoltanlegg, industri, utvida fiskemottak og landbasert oppdrett.

– Vi har eit bredt spekter av næringar i Selje Næringsforening, så dette er eit resultat av det, forklarar Riksfjord om dei ulike forslaga.

Viktig med tilrettelegging

Ifølgje Riksfjord jobbar Selje kommune med revisjonen av anleggsplanar. Kommunen har også oppretta eit utval som ser på synergiane av bruken av tunnelmassane.

– Og for Selje er mellom anna hurtigbåtanløp viktig. Dette er eit viktig knutepunkt for heile Selje. Også dette med å legge til rette for private og næring, med tanke på sentrumsnære tomter og område med god plassering, fortel han.