Alfred Bjørlo (V) og Sigurd Reksnes (Sp) er politiske rivalar, men ser for seg godt klima i den komande fireårsperioden.

– Det blir ikkje kjedeleg i politikken i Eid i åra framover, lovar Reksnes og Bjørlo.

Trass i at Senterpartiet fekk litt fleire stemmer enn Venstre, er det ikkje sure miner hos Reksnes over at han ikkje vart ordførar.

Fram med over 10 prosent

– Vi følte at det var vår tur no, og vi gjorde det vi kunne. Det er vanskeleg å vippe ut nokon som sit godt. Slik er det med konstituering. I Eid er det så jamt mellom Sp og V, fortel Reksnes og legg til at i kommunar der det var klare vinnarar skal ein passe seg for å ikkje høyre på kva folket har stemt.

– Vi er like store, og KrF valde å støtte oss, seier Bjørlo, som innrømmer at dei gav etter for alle krava til KrF.

Til trass for at Sp ikkje fekk ordføraren, meiner Reksnes at dei gjorde eit godt val i Eid og på fylkesnivå.

– Senterpartiet er største partiet målt i tal, og går fram med over ti prosent. Det gir oss tre ekstra representantar i kommunestyret, konstaterer Reksnes som synest det er kjekt at partiet har fått inn dei to yngste kandidatane i kommunestyret.

Begge er begge samde i at det er for lite kvinner i det nye kommunestyret, og at dette må jobbast med.

Lystig framtid

Både Bjørlo og Reksnes ser for seg mange og store oppgåver framover, sjølv om ny fleirbrukshall, omsorgssenter og bustadfelt er i gang.

– Utviklinga i kommunen er lystig. Det er ikkje berre på grunn av dei fire siste åra, men fordi ein har tenkt langsiktig og greier å samarbeide, seier Bjørlo.

Dei viser til at elektrobransjen i Eid har 240 arbeidsplassar, og at med etablering i Lefdal gruve vil gi positive ringverknadar.

– Vi har eit sterkt miljø innan elektro, miljøteknologi, data og IT. Vi kjem ingen veg om vi ikkje løftar i flokk, drar lasset saman, og bruke det positive vi har fått. Då kan ein få gjort fantastisk mykje bra, seier Reksnes.

– Her er god kultur for samarbeid. Det er godt det ikkje er stillingskrig som krev så mykje at det utmattar alle, legg Bjørlo til.

Bjørlo og Reksnes meiner den viktigaste utfordringa framover vert trong kommunaløkonomi.

– Vi må ikkje gløyme dei ordinære kommunale oppgåvene; skule og eldreomsorg. Skulestrukturen skal ikkje røyrast, men bustadfelt på bygdene og breiband til alle er viktige saker, fortel Reksnes.