Nordgåande hurtigruteskip  Vesterålen låg fredag morgon i Måløy på grunnav uvêret som herjar.

- Medliten storm og bølgjer på 16 til 18 meter på Stadhavet så legg vi oss i ro heri Måløy, seier skipper Svend Hansen.

Han seier dei er opptekne av tryggleik, og at detmest fornuftige med slike meldingar er å ta det med ro.

- Medslike vêrforhold så kan det bli ein svært så heftig på Stadhavet. Det vil ikkjevi utsette oss for, seier kaptein Svend Hansen som har vore på forskjelligehurtigruter sidan 2002.

Og det er ikkje første gong han ligg verfast i Måløy og venta på at det skal bli muleg å passere Stadhavet.

- Det har eg gjort fleire gonger. Deter betre å ta det med ro eller å ta sjansar, seier Hansen.

Han har 74 passasjerar og eit mannskap på 38 som fredagmorgon hadde det fint ved kai i Måløy.

Då Fjordenes Tidende var om bord klokka 09.30 så vardet ikkje bestemt kor tid den skulle sette kursen vidare nordover.

- Detbestemmer vêret, seier Hansen som er godt kjend langs kysten.

Vesterålen kom frå Bergen og har hatt ein grei seglastil Måløy.

I Florø var det så kraftig vind at dei måtte droppe å legge til kai, og gå rett til Måløy. Også sørgåande hurtigrute droppa Florø og sette kursen rett mot Bergen

Sjå Webkamera her

I Bergen torsdag var det imidlertid verre. Der vardet så vanskeleg at hurtigruta ikkje kunne ligge ved den vanlege terminalen,men måtte ligge ved Askøy.

Purser Knut Moen seier til Fjordenes Tidende atpassasjerane om bord tok ventetida i Måløy på ein fin måte.

- Herer stemninga fin, seier Han.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende