– Slik vi ser det er alternativet med tre skular ikkje godt nok greia ut. Den reviderte kommuneplanen har ikkje greidd å finne ei løysing som kan gi plass til elevar frå Holvik skule på Skram. Alternativet med ein felles skule er ei betre og meir langsiktig løysing, om alternativet med fem skular ikkje får fleirtal, seier Olga Nerland i FAU ved Holvik skule.

For foreldra er det viktig at ein mottaksskule står ferdig pussa opp og klar, før ei eventuell flytting av Holvik-elevane.

Kommunedelplanen for oppvekst vart lagt ut for høyring 21. august. I planen har kommuneleiinga bede om innspel på følgande alternativ: ein skule, tre skular (Skram, Skavøypoll og Raudeberg), samt uendra skulestruktur (fem skular). Lokal- politikarane har budsjettert med at Holvik og Bryggja skule skal leggast ned neste haust.

Om ein går for løysinga med ein felles barneskule har det tidlegare blitt sagt at ein har to alternativ: på Moldøen eller på Tennebø.

Krev fleire klasserom

30. september gjekk fristen for å kome med høyringsinnspel ut, og FAU i Holvik har levert eit høyringssvar der dei peikar på fleire punkt som dei ikkje er samde i eller meiner ikkje er godt nok greidd ut.

– Heile planen baserer seg på at det er behov for 14 klasserom, men vi meiner behovet er større, seier Nerland, som samstundes peikar på at Holvik skule, som einaste skule, har ei positiv utvikling i framskriving av elevtal (sjå tabell).

Nerland fortel at FAU meiner at det etter ei samanslåing er behov for å dele to klassetrinn inn i tre klasser.

– Ein får store nynorskklasser som må delast opp. Ein kjem til å ha 16 klasser heilt fram til 2025. 16 klasser krev 16 klasserom. Det finst ikkje på Skram skule i dag. Ingen av løysingane som det blir peika på i kommunedelplanen gir 16 klasserom, understrekar Nerland.

Difor stiller FAU ved Holvik skule som krav at Skram skule står ferdig utbetra med 16 klasserom, om alternativet med tre skular får fleirtal, før Holvik-elevane blir flytta.

– Vi meiner det vil ta tid å gjennomføre slike utbetringar. Nedlegging av Holvik skule frå hausten 2018 er ikkje mogleg. Det er ikkje gjennomførbart at våre elevar skal inn dit medan ein pussar opp. Det er ei for dårleg løysing for våre elevar, elevar på Skram og lærarar.

Stiller spørsmål ved økonomien

I sitt innspel har FAU også peika på at dei meiner dei økonomiske innsparingane ikkje er rette, ved at talet lærarårsverk og skuledrift er estimert for lågt.

– Som nemnt baserer planen seg på 14 klasser, men med 16 klasser, som vi meiner det må vere, trengst det fleire lærarar. Driftskostnaden med alternativet med tre skular blir høgare enn det som er presentert. Tala viser berre drift av Skram skule, men om ein går for tre skular, sit ein med tre bygg å drifte, seier Nerland, og viser til planane om å flytte SFO til Skramsmarka barnehage, samt å lage ein stor barnehage i Holvik.

Ein felles barneskule er stipulert til å gje årlege utgifter på 78,7 millionar kroner.

– Dette reknestykket må kvalitetssikrast før saka skal behandlast i kommunestyret. Viss ikkje meiner vi lokalpolitikarane tar avgjerda på eit feil avgjerdsgrunnlag.

Meiner flytting skapar utfordringar

Ei flytting av Skramsmarka barnehage til Holvik er eit av alternativa kommunen har utgreia.

– Om Skramsmarka barnehage skal flyttast til Holvik, så får vi først og fremst ei stor utfordring med trafikken, seier Olga Nerland i FAU ved Holvik skule.

I høyringsinnspelet frå FAU til kommunedelplanen for oppvekst er flytting av barnehagen eit av punkta dei reagerer på.

FAU viser også til dei manglande moglegheitene for parkering ved barnehagen.

– Det kjem til å bli eit kaos, er konklusjonen frå FAU, som håpar kommunen finn ei løysing.

– Debatten om skulestruktur og barnehage slit på barn, foreldre og lærarar. No er det viktig at politikarane brukar den tida dei treng for å finne den løysinga som er langsiktig og gjennomtenkt. Det er viktig at barna står i fokus i dette arbeidet. Det er dei som skal leve vidare med avgjerda, seier Nerland.