For Olina Nyvoll blei innflyttinga på Svelgen Omsorgssenter både gledas og vemodet sin dag. Ho gravla mannen sin, Alv, dagen før dei saman skulle flytta inn i ny heim.

– Eg skulle så gjerne hatt Alv med i dag. Vi hadde det godt i lag. Men slik vart det. Ein gong må vi seie adjø, seier Olina.

82-åringen er ein av dei rundt 48 nye bebuarane som flytta inn i nye Svelgen Omsorgssenter onsdag. Og sjølv om dagen vart spesiell og vemodig for Olina, var ho glad:

– Eg er spent på kor det ser ut på innsida. Ikkje minst rommet der eg skal bu. Alle tre borna og ein svigerson er her og hjelper meg å bere i dag.

Var flytta til lunsj

Den siste frukosten på Svelgen bu- og servicesenter er omme. Neste frukost skal dei ete i Svelgen Omsorgssenter. Oppbrotet er tydeleg, flyttegods kjem ut, inn i bilar og på hengarar. Folk ruslar omkring med rullatorar, forventningsfull spenning ligg over plassen.

Olina Nyvoll kjem ut frå rommet, og ut i vårsola. Flyttegodset står klart i solveggen. På dei siste 30 dagane har mykje uventa skjedd i livet hennar.

Mista mannen

På Røst i Ålfoten budde Olina og Alv Nyvoll, der Kårnykjen ruva over dei med sin skarpe og markerte profil. I 2012 feira dei gullbryllaup etter mange gode år. Same hausten flytte dei til Svelgen av helseomsyn.

Olina og Alv gledde seg til flyttedagen.

Få dagar etter medaljeutdelinga vart Alv alvorleg sjuk og måtte til Førde. Den dagen bebuarane fekk omvising i dei nye lokala som venta, reiste Oline også til Førde, der Alv døydde 4. mars. Den 15. mars bar dei næraste Alv til si siste kvile i Ålfoten.

Oline går no vidare til nytt liv på Svelgen Omsorgssenter og er glad for å ha ein støttande familie rundt seg.

- Dei er så flinke å hjelpe meg, seier ho.