Sylvi Folkestad og Marit Rindal har jobba ved Eid Sjukeheim sidan den opna for 39 år sidan. Laurdag fekk dei med seg nok ei sjukeheimsopning, og denne gongen blir det ein heilt ny jobbkvardag.

Prosjektleiar Torfinn Myklebust, ordførar Alfred Bjørlo (V) og rådmann Aslaug Krogsæter jublar for det nye omsorgssenteret. I bakgrunnen med blomster står også kommunalsjef pleie og omsorg Kari Krogh.

– Vi har vaskar og toalett som kan hevast opp og ned. Vi har trinser som kan heise pasientar fra seng til bad. Og det er ikkje berre at vi får ein enklare dag, men bebuarane får også eit heilt anna privatliv, seier dei.

Dei gler seg også over at det nye omsorgssenteret er bygd slik at det blir færre pasienter på kvar eining. Det blir hyggjelegare miljø for bebuarane og lettare for pleiarane å sjå alle.

– No er det maks ti pasientar på kvar eining, og her blir småkjøkken så ein kan lage meir mat, og stover til å samlast i om ein vil det. Og alle får jo no einerom, smiler dei.

Stappfull sjukeheim

Av ordførar Alfred Bjørlo (V) fekk Folkestad og Rindal overlevert eit Eidahjerte i sølv for lang og tru teneste.

Rundt 300 menneske følgde etter kvart opningstalane for det nye omsorgssenteret, men fleire strøymde på då det var ope hus. Ordføraren var overvelda.

– Det er heilt utruleg mykje folk her, smilte han etter at snorklippseremonien var over.

Sjølv la han stor vekt på livet bebuarane på Hogatunet vil få i sin nye heim.

– På Hogatunet skal du få velje sjølv om du vil ha sosialt fellesskap eller privatliv. Du kan få vere åleine på rommet ditt og sjølv ha kontrollen på kven som kjem inn, og kva du måtte ønske å gjere der. Men du kan også få høve til å delta i samfunnslivet på ein heilt annan måte enn før – takka vere moderne teknologi. Følge med på ei førestilling i Operahuset, ei gudsteneste i kyrkja, eller eit kommunestyremøte. Ein konsert i kulturskulen med barneborn dersom du ikkje er i stand til å komme deg ut av rommet eller huset. Og gode, romslege uteområde for dei som kan bruke det. Bur du på Hogatunet, er du enkelt og greitt ein innbyggar i Eid – på linje med oss andre. Det er bygget lagt til rette for, sa han i talen til folket.

Han peika også på den nye arbeidskvardagen som dei tilsette vil få oppleve.

– Eg vil rette ein stor takk til tilsette på Eid Sjukeheim for tolmodet de har synt med ein gammal institusjon som i mange år har vore moden for avløysing, sa ordføraren.

Kommunalsjef for pleie og omsorg, Kari Krogh, har halde i prosjektet i heile dei 16 åra det har tatt å få det realisert.

– Det er heilt fantastisk å sjå det stå her, ein stor dag, seier ho til Fjordenes Tidende.

Ho medgir at det har vore ein kamp å få senteret på plass.

– Det har vore mest det økonomiske, men no ser vi at det er greitt at vi venta. Som ordføraren sa i tala si, vi ville fått eit heilt anna bygg om vi hadde bygd det for berre fem år sidan.

For ho er ein av dei store forbetringane ved nybygget at det blir eit stille bygg.

– Det blir ein annan måte å kommunisere på. Dei tilsette har klokker på handleddet som dei kommuniserer, varslar og snakkar med kvarandre gjennom. Det vil gje bebuarane ei mykje større kjensle av privatliv, og fred og ro, seier ho.

Krogh presiserer også kor viktig det no er å kome i gang med byggesteg 2.

– Vi har fått midlar til å starte planlegginga. Dei gamle sjukeheimane skal rivast og så skal vi lage til eit område her der dei fleste helsetenester er samla på ein stad, til dømes skal det vere base for heimesjukepleien også.

Hogatunet bu- og behandlingssenter er den største investeringa i Eid nokosinne, med ein kontraktssum på 85,3 millionar eksklusiv mva. Nybygget er på 3.630 kvadratmeter, og skal i kombinasjon med Eid sjukeheim ha 50 plassar.

Får nytt rom og utstyr til pasientane

Ergoterapeut Hilde Isane Hjelle og fysioterapeut Berit Heien Heggen gler seg til nye lokale og ikkje minst nytt utstyr.

forbetra jobbkvardag: Også ergoterapeut Hilde Isane Hjelle (t.h.) og fysioterapeut Berit Heien Heggen gler seg over nytt lokale og nytt utstyr.

Dei kommunalt tilsette terapeutane har tidlegare halde til i det gamle bårerommet nede i kjellaren på Eid sjukeheim.

– Utan vindauge eller alarm. No får vi eit lite treningssenter med mange fleire moglegheiter. Det blir ein stor forskjell, seier Isane Hjelle.

Kor mange dagar i veka dei blir på det nye omsorgssenteret avheng av kor mange pasientar det er som treng rehabilitering til ei kvar tid. Dei er også med på å vurdere bustaden for dei som er på rehabilitering.

Noko av det nye som dei gler seg til å bruke i jobben med opptrening og rehabilitering er personløftaren med gåsele.

– Denne gjer at nokon som elles ikkje hadde hatt moglegheit til det, kjem seg på beina og kanskje klarar å bevege seg bortover, seier Heien Heggen, medan Isane Hjelle demonstrerer selen.

– Her kan vi legge godt til rette for opptrening og har mange moglegheiter, legg ho til.