Sigurd Reksnes, gruppeleiar i Eid Senterparti, meiner folket i Eid har sett at ei samanslåing med Gloppen er mogleg å få til.

Ei meiningsmåling gjennomført av Norfakta på oppdrag frå Fjordabladet og Firda Tidend viser eit klart fleirtal for samanslåing mellom Eid og Gloppen. Av dei 800 spurde seier 59 prosent at dei er for ei samanslåing. 25 prosent er mot og 16 prosent har svart at dei veit ikkje.

Størst optimisme i Eid

Undersøkinga viser at 66 prosent av dei spurde i Eid er for samanslåing, og 18 prosent mot. 16 prosent svarar veit ikkje. I Gloppen seier 52 prosent at dei er for, medan 33 prosent har svart at dei er mot. 15 prosent veit ikkje.

Reksnes trur tidsaspektet har vore viktig for eidarane.

På folkemøta i Eid kommune har det vore fleire som ønskjer ein enno større kommune, beståande av heile Nordfjord.

– Vi har eit alternativ som ligg på bordet no, og det er det vi må ta stilling til, så får framtida vise kva som skjer. Vi har gjort våre vurderingar, og om dei andre kommunane revurderer sitt standpunkt har vi ein heilt ny situasjon, der korta må stokkast på nytt, seier gruppeleiaren.

Høyrer på folket

Om resultatet av undersøkinga speglar realiteten, kan ein vente seg ei rekordhøg valdeltaking. 85 prosent av dei 800 spurde seier dei vil gje si stemme i den rådgjevande folkerøystinga.

– Eg syns ikkje noko om at ein brukar ei låg valdeltaking som unnskyldning for å ikkje følgje folk sitt råd. Dei som har møtt fram har sannsynlegvis vurdert dette nøye, og tatt eit gjennomtenkt val. Så eg legg folkerøystinga til grunn uansett, seier han.

Eid og Gloppen held rådgjevande folkerøysting 30. mai.