Ikkje før vinterferien er vel over, må ein byrje arbeidet med å finne seg ein sommarjobb.

Det er rådet frå NAV Sogn og Fjordane.

Sommarjobben er det første møtet med arbeidslivet og dei krav som vert stilt til deg som arbeidstakar. Ein god referanse frå sommarjobben kan vere gull verd seinare i karrieren.

– Dei fleste sommarjobbane vert ikkje lyst ut på vanleg måte, men du finn likevel om lag 100 sommarjobbar i fylket på sidene til NAV i dag. Men vi veit at det er mange fleire jobbar der ute som du kan finne gjennom til dømes fjesboka, bedriftsnettsider og ulike nettportalar. Det er flott å sjå at fleire kommunar no lyser ut jobbar for dei mellom 16-18 år, som har betydeleg mindre å velje i enn eldre ungdom.