Investorane bad om ein god idé formulert på eit halvt A4-ark, skrifttype Times New Roman, med enkelt linjeskift. Resultatet blei LocalHost, eit leiande selskap innan datarelaterte tenester. Resten er historie, skriv Nordfjord Vekst i ei pressemelding.

– Det skjer sinnsjukt mykje om dagen, og det kjennest som om alle vil ha ein bit av oss. Vi prøvar å utnytte denne situasjonen best mogleg, seier Sindre Kvalheim, administrerande direktør og gründar.

– Eg hugsar då vi gjekk rundt og såg på forskjellige kontorlokale i Måløy sentrum for ti år sidan. Vi bestemte oss for å flytte inn her, i Sparebanken Vest-bygget. Vi tenkte at vi aldri kom til å få bruk for så stor plass, og i alle fall ikkje eit så stort møterom, ler Kvalheim.

Så feil kan ein altså ta. I dag er dei 23 tilsette i bedrifta, og i miljøet som inkluderer LocalHost, NetPartner, VideoNor og Lefdal Gruve er dei om lag 70 tilsette til saman. Det store møterommet har med andre ord blitt flittig brukt, og med over 200 jobbsøknadar liggande, kan ein trygt seie at rekruttering aldri har vore eit nemneverdig problem.

– Vi har ein god stab. Kvar og ein på kontoret er handplukka. Det er kanskje noko av det vi er aller mest fornøgd med i selskapet, altså samansetninga av folk og kompetanse, forklarar Kvalheim.

Rune Mykletun, driftansvarleg og medgründar seier seg einig.

– Vi er akkurat passeleg store til å kunne omstille oss raskt, i tillegg har vi fleire i verksemda som er på toppen av si profesjonelle karriere, dette ser vi store fordelar av.

Satsar ungt og lokalt

I etasjen over planlegg dei å legge til rette for eit undervisningslokale. Undervisningskompetanse hentar dei blant anna frå gigantar som IBM og Rittal. Gründerane opplever at mange ungdomar har eit ønskje om å jobbe med data og teknologi, og at dei ønskjer å bli ein del av det velrenommerte «Måløymiljøet».

– Per i dag har vi seks lærlingar, det inkluderer dei som går YSK IKT-linja på Måløy VGS. Til hausten har vi åtte lærlingar. Vi tar berre inn dei aller beste. Dei som kjem til oss får lære seg relevant teknologi frå dag ein og kjem slikt sett i ei særstilling i forhold til mange andre elevar og studentar, forklarar Kvalheim.

LocalHost er nemleg meir enn gjerne med på å dyrke fram nye talent og dele av si erfaring til nye gründerar. Med sitt enorme nettverk og tverrfaglege kompetanse er dei sjølvsikre på at dei kan hjelpe dei aller fleste, så lenge det har noko med data å gjere.

– Vi trivast godt i rolla som inkubator. Å utvikle nye idear og konsept er det vi likar aller best med jobben vår. Kjem du til oss i Måløy med ein god idé så skal vi kunne vere med på å løfte den fram. Det er eg ganske trygg på, seier Kvalheim

Medgründar og marknadsdirektør Vidar Furnes skyt inn:

- Den kunnskapen vi har her på kontoret er faktisk heilt sprø.

Ser lyst på framtida

At bedrifta har stor tru på seg sjølv, er klinkande klart. Likevel er det kundane som er den verkelege målestokken på suksess. Bedrifta og miljøet har nemleg opparbeida seg ei kundemasse som spenner seg frå lokale industribedrifter til internasjonale gigantar. Suksessen var aldri sjølvsagt, likevel har det meste gått på skinner frå dag ein. Takka vere knallhardt arbeid og støtta dei har fått i frå lokalsamfunnet.

– Lokale bedrifter har alltid hatt tru på oss, og det er vi takknemlege for. Vi har opplevd ein lokalpatriotisme i Nordfjord som er ganske unik, konstaterer Kvalheim.

I tillegg til å vere eit driftssenter, fungerer bedrifta også som ein slags forskingslab der dei heile tida utviklar nye idear. Dette er ein av faktorane som skal sikre vidare suksess i framtida.

– Det er umogleg å spå kva denne «verda» vil by på vidare. Vi møter nye utfordringar kvar dag, slik er det i denne bransjen, men vi skal klare det meste, avsluttar teknologiansvarleg Vidar Saltkjel frå storskjermen på veggen, i ekte LocalHost-ånd.