Verdas største oppdrettsselskap for laks, Marine Harvest, har dei siste åra prioritert auka tryggleik for dei tilsette. Røft vêr på merdkanten kan føre til farlege situasjonar.

– Sjølv har eg hamna i sjøen ved tre høve. Det har gått bra, men då vi starta her for 30 år sidan, hadde ikkje tryggleik prioritet i næringa. Det var fiskarar som jobba her, og dei gjorde som dei alltid hadde gjort. Fokuset var at kvar person skulle klare seg sjølv, seier driftsleiar Gunnar Silden ved Marine Harvest på Rundereimstranda.

Dette oppdrettsanlegget i Selje kommune har seks tilsette. I sjøen utanfor administrasjonslokalet ligg 12 merdar. Anlegget produserer 6.700 tonn i ein generasjon – fisk som står i systemet i 20 månader.

– Godt å føle seg trygge

– Haldinga i starten var at tryggleikstiltaka var tull, men no trur eg alle har innsett at det er naudsynt. Etter at vi starta med tiltak og kursing for å auke tryggleiken i 2009, er det blitt ein heilt annan kvardag, seier Silden.

Spesielt jobben ute på merdkanten i samband med levering av fisk eller avlusing kan vere risikofull om det er sterk vind. Dei tilsette helsar tryggleikstiltaka velkomen, sjølv om det er meirarbeid.

– Det er godt både for oss og for dei heime å vite at vi er trygge på jobb, seier Nina Kupen. I oppdrettsnæringa i dag er det ikkje stilt krav til tryggleik gjennom forskrift på same måte som innan båt- og offshorenæringa.

Standardisert forskrift

– Ei tryggingsforskrift i oppdrettsnæringa er noko som blir jobba med, og som vi ynskjer velkomen. Næringa går ut og seier at vi ynskjer standardiserte krav. For vår del har vi dette på plass allereie, seier koordinator for helse-, miljø og sikkerheit (HMS) i Marine Harvest region vest, Arve-Martin Husevåg.

Han har ansvaret for 27 anlegg frå Aukra i nord til Oppedal i sør samt sju settefiskanlegg og slakteriet på Eggesbønes.

Automatisk alarm

– Radioen har saltvassalarm som går om ein hamnar i sjøen. Denne står i samband med 110-sentralen i Ålesund, fortel Werner Kupen i Marine Harvest.

– Vi nyttar også radioen til intern kommunikasjon. Å vere åleine på jobb er strengt forbode, seier Kupen.

Marine Harvest har gjort store investeringar i tryggleiksutstyr som drakter, hjelmar, flytevestar og radio med alarmfunksjon.

– Vi blir vant med å gå med utstyret. Ein føler seg «naken» om ein ikkje har det på seg, seier Kupen.

Ronny Årvik jobbar på anlegget på Rundereimstranda, men er også hovudverneombod i Marine Harvest region vest. Han rosar verksemda for tryggingstiltaka som er gjennomført.

– Vi skal ikkje ut på sjøen om vi ikkje kjenner oss heilt trygge. Er vêret for dårleg, bryt vi av operasjonen. Det har skjedd fleire gongar, seier han og fortel at Marine Harvest set tryggleiken høgt.

– Arbeidsgjevaren vår skal ha ros for å ta tryggleik på alvor. Kursa vi får er veldig gode, seier Årvik.