– Vi gler oss til Idrettsgallaen. Det blir veldig kjekt. Eg tenke at det å bli nominert som ein av fem er ein siger i seg sjølv. Det som skjer etter det får ein ta som det kjem. Alle som er nominert er gode kandidatar, seier Solheim, som reiser til Hamar fredag saman med heile familien.

Fredag er siste frist for å stemme på Atle Solheim. Dette kan du gjere her.

Solheim syns merksemda han har fått sidan nominasjonen vart kjend har vore overveldande.

– Eg har fått utruleg mange flotte helsingar og gode ord i løpet av tida etter at eg vart nominert. Eg har fått eit lite inntrykk av at det har vore ei storstilt mobilisering i fylket. Det er utruleg artig at folk bryr seg, seier Solheim, som trass i dette enno ikkje har skrive takketala.

Dei andre nominerte i kategorien er Stine Mjåtvedt (FK Fyllingsdalen), Mary-Ann Samuelsen Naas (Elnesvågen og Omegn IL), Kai Henning Stensrud (IL Kolbukameratene) og Svein Robert Vestå (Sortland VBK).

Årets ildsjel 2017 blir kåra på bakgrunn av ildsjeljuryen sine stemmer og stemmene frå folket. Desse tel like mykje.

Du kan lese heile grunngjevinga for nominasjonen her.