FOTBALL (G14 Svelgen - Vålerenga 5-1): Når Svelgen spelar fotballkampar, er det lynraske Amadai Hussain som bestemmer tempoet.

Mandag blei det to mål på Amadai, i tillegg til at han sprang i fra alt som var av Vålerenga-spelarar på Ekebergsletta.

Full pott

Svelgen-laget står med full pott etter to kampar i Norway Cup. Søndag vann dei 6-2 mot Ulfstind før dei vann 5-1 over Vålerenga sitt fjerdelag mandag.

- Vi fra Svelgen er veldig bra, smiler Amadai og får støtte av trenar Asbjørn Svarstad.

- Det var ein god kamp, og vi var det beste laget. Resultatet er fullt fortjent, seier han.

Viktig spelar

Amadai Hussain spelte heile kampen mandag, og var alltid involvert når Svelgen skulle bevege seg framover. Ein viktig spelar, med andre ord.

- Han er både rask og har god teknikk, så han er viktig for oss, seier trenaren. Amadai kosar seg i lag med laget sitt under sin fyrste Norway Cup.

- Det er bra, og vi er det beste laget. Og nå skal vi vinne heile cupen, seier han. Men trenaren veit det blir tøffare utover.

- Vi er nok komne i ei ganske overkomelig gruppe sjølv om vi er blant kjende lag som Vålerenga og Hødd. Vi er glade for å ha kome til A-sluttspelet, og ambisjonar utover det har vi ikkje no. Såpass jordnære er vi, seier trenar Asbjørn Svarstad og smiler.