– Det høyrest kanskje ut som noko ein må seie, men miljøet er ganske upåklageleg i sykkelgruppa. Folk er oppriktig opptatt av å lage eit godt produkt, og ikkje nødvendigvis av å få fjeset sitt på skjermen. Det gjelder i aller høgste grad folk som Kaggestad, Dag Otto og Paasche. Det er ein gjeng med uvanleg hardtarbeidande folk med ganske ekstrem kompetanse, fortel Aarre om kollegaene.

– Som i fjor har vi to reporterar her nede gjennom heile rittet, meg og Sindre Olsen. Vår oppgåve består hovudsakleg av å lage innhald til sendinga, gjennom ein haug med intervju med ryttarar før start og etter målgang, samt intervjue nordmenn på tur i Frankrike, morosame/rare fans langs løypa og gamle heltar, fortel Aarre.

Rapporterer frå motorsykkel

Dette er det fjerde året eidaren jobbar med Tour de France i TV2, og for tredje gong direkte frå Frankrike.

– Det aller kjekkaste har kanskje vore å følge og rapportere frå etappar frå ein av motorsyklane i sjølve rittet. Det er alltid alvorleg gøy, og litt skummelt. Ned fjellsidene går det altfor fort, seier reporteren, som går travle dagar i møte.

Når etappen har starta er det om å gjere for eidaren og kollegaene å kome seg raskt til målbyen. Denne ligg alt frå ein til fire timar unna i bil.

– Når vi kjem fram, etter å ha køyrd oss vill nokre gongar, er det lunsj, og deretter gjer vi oss klare til målgang i 17-tida. Når sendinga er ferdig rundt 18.30, byrjar jobben med å lage reportasjar til Sportsnyhetene 21.25, seier reporteren.

Aarre fortel at å lage og klippe sakene ofte blir gjort i bilen på veg til neste hotell, som gjerne er nokre timar unna.

– Etter å ha fått sendt reportasjane over til Norge, helst i tide til 21.25, er vi ofte framme på kveldens hotell mellom 21 og 22. Då er det å sjekke inn og prøve å finne ein plass å ete før alt stenger. Så er det senga og opp neste morgon.

Interessa som jobb

Sjølv har Aarre ei stor interesse for sykkelsporten. Denne fekk han i ungdomsåra, og som med dei fleste andre interesser, var det ganske tilfeldig.

– På sommarferie i Frankrike i 2003 var det altfor varmt til å vere utandørs, så då søkte vi ly inne og skrudde på fjernsynet. Den åttande etappen av Tour de France til Alpe d’Huez. Det var eit sensasjonelt sykkelritt. Og då var det gjort. Enkelt og greitt, slår eidaren fast.

– Ein kjem tettare på utøvarane enn i mange andre idrettar. Utøvarane har færre «nykker» og mindre pengar enn i enkelte andre idrettar, og ein får samstundes sjå mange delar av verda. Ein fin kombinasjon, seier han, og fortset:

– Syklistar er spesielle folk, på godt og vondt, så enkelte er artigare å jobbe med enn andre. Dei australske, polske og spanske er bra folk – imøtekomande, hyggelege og sympatiske. Eg tenker då på folk som Michal Kwiatkowski, Michael Matthews og Alejandro Valverde. Gode gutar!

Dekka Johaug-saka i Sveits

Blant sakene som Magnus Krogsæter Aarre har arbeidd med det siste året er Therese Johaug sin dopingssak.

– Å dekke Johaug si dopinghøyring i Sveits var gøy det, men stemninga var jo ikkje akkurat på topp i Johaug-leiren i etterkant av høyringa. Ho er alltid ei hyggeleg dame å prate med, men både ho og folket hennar var ganske slitne og lei det som har vore ein lang prosess. Naturleg nok, fortel eidaren.

Trass i ei nedtrykt stemning i Johaug-leiren, meiner Aarre, som på plass då Johaug sin dopingssak vart handsama i Idrettens voldgiftsrett i Lausanne i Sveits, at slike saker er dei kjekkaste å arbeide med.

– Å jobbe me slike saker er det gøyaste. Det er litt mindre trivielt enn alt det andre vi gjer, slår han fast.

I fjor haust var Aarre reporter under dei olympiske leikane i Rio og under Sykkel-VM. Sidan då har han i tillegg til å dekke Johaug-saka, blant anna vore på sykkelritt i inn- og utland og dekka Bislett Games.

No er han på plass for å dekke Tour de France, frå start til slutt, for arbeidsgjevaren TV2.

– Eg blir her til 24. juli, fortel journalisten.