Charlotte Skjølberg (SV) meiner ho hadde ein heilt klar avtale med Ap og V, som dei så gjekk bort frå kvelden før konstitueringsmøtet torsdag. Derfor trekte ho seg frå samarbeidet.

- Avtalen vår gjekk på at SV skulle ha førstevara på ei fellesliste på fire fra Ap og Høgre, seier ho, og meiner dette så blei gått bort ifrå av Ap og V.

Skjølberg og SV valde då å gå i samarbeid med H, Sp og KrF som til saman kontrollerer 12 av stemmene i kommunestyret som tel 23 totalt. Alt beli ordna på nokre timar onsdag kveld - dagen før konstituering av nytt kommunestyre.

- Eg veit ikkje om dei (Ap, journ. anm) berre forsnakka seg i telefonen onsdag. Då fekk eg tilbod om å vere første vara til to representantar frå Ap. Det var ikkje ein del av avtalen. Dei signaliserte også at stemma mi ikkje lenger var så viktig. At dei hadde Høgre med seg og berre hadde tatt med SV i samarbeidet for å vere hyggjelege.

Det opphavlege, breie samarbeidet bestod av Ap (åtte representantar), Høgre (fem representantater), Venstre (tre representantar) og SV (1 representant).

- Vi kunne jo hatt fleirtal utan Høgre også, seier Skjølberg som seier Ap og V ikkje var interesserte i det.

Viktig med varaplassane

Skjølberg forklarer at det er forskjell på å vere første vara til fire personar og å vere første vara til berre to representantar. Sidan det er ein del forfall til formannskapet betyr det færre sjansar til å få påverknad der.

- Ein avtale er ein avtale. Vi hadde avtalt dette munnleg og gitt kvarandre handa på det. Eg kravde ikkje fast plass i formannskapet. Eg blei med på grunn av det gode samarbeidet Ap og SV tradisjonelt har hatt.

- Men no har du plutseleg eit sete i formannskapet? Du har kome i ein betre posisjon politisk.

- Ja, skal eg samarbeide med Høgre så måtte eg har meir enn ein varaplass.

I det nye samarbeidet har nemleg Høgre ofra ein formannskapsplass for å få med SV. Senterpartiet har også berre ein slik at KrF også fekk plass.

Ville ikkje bli i samarbeidet

- Kvifor kunne ein ikkje løyst dette innanfor det samarbeidet ein hadde?

- Eg har bestemt meg. Eg føretrekk at ein er ærleg. Eg støtta Ap av lojalitet. Eg hadde forventa det same tilbake.

- Men no sit du altså i formannskapet, som heilt fersk politikar?

- Eg er fersk, men eg har vore vara før. Og eg har eit ønske om kor kommunen skal gå framover. Eg vil gjere den jobben eg er tildelt, seier Skjølberg.

- Vil samarbeidet fungere etter dette?

- Ja, det trur eg. Eg forventar å få den respekten tilbake som eg viser dei. Vi har alle sagt ja på eit felles gruppeleiarmøte at vi skal samarbeide. Og eg stolar på folk til det motsette er bevist, avsluttar Skjølberg.

Felles pressemelding

SV og Høgre har også sendt ut felles pressemelding etter konstitueringa i dag. Der står følgjande å lese:

"Om konstitueringa av Bremanger kommunestyre, inkludert val av formannskap ordførar, varaordførar:

- Vi meiner Ap braut vilkåra for opphavleg avtale, og difor blei det ei anna løysing. Vi avviser påstandar om at SV og Høgre har brote nokon avtale. Reint teknisk gjekk dette på at avtalevilkåra om kven/kva parti som skulle vere medlemmer/varamedlemmer til det nye formannskapet ikkje vart overhalde av Ap.

Det er ei kjent sak at dette vart eit anna resultat enn det som var den opphavlege planen. Men vi meiner vi kvar for oss har opptrådd ryddig, men at det ikkje er tilfelle i høve Ap.

No er kommunestyret konstituert: det er vald formannskap, ordførar og varaordførar. Då får vi håpe alle i kommunestyret ser framover og samarbeider til beste for kommunen."