Til dei som vil stryke Raudeberg skule frå kartet

Ein gong var det skule i alle bygdene i Nord-Vågsøy – seks i alt. No er det berre Raudeberg skule igjen. Hos enkelte folkevalde synest det å vere eit sterkt ønske om at den òg skal bort, like eins Skavøypoll skule på fastlandet. I staden vil dei at den påemna, nye Skram skole skal utvidast til å ta imot alle elevane i barneskulen i Vågsøy. Sjølv om dette fleire gonger er blitt avvist av eit fleirtal i kommunestyret, er dei som dette gjeld tydelegvis ikkje villig til å gje seg. Kommunedirektør Bang Olsen har lagt seg på same linje ved å stanse arbeidet med anbudskonkurransen. Det skjer utan at det ligg føre noko politisk vedtak om dette – «i påvente av mulig ny avgjørelse om skolens størrelse,» som det så fint heiter (Fjordenes Tidende, 24.11.).

Heilt sidan den gamle omgangsskulen vart erstatta av faste skulebygningar frå 1860 og utover, har skulane i by og bygd vore pilarar i det norske samfunnet. I generasjon etter generasjon har dei både gjeve kunnskap og vore kulturinstitusjonar og vindauge mot verda utanfor. Ikkje utan grunn var skulebygningen mange stader den flottaste bygningen i bygda. Når det gjeld erfaringane vi ber med oss frå vår eigen skulegang, så kan dei vere forskjellige. Ikkje alt var like bra, slettes ikkje, men for dei fleste av oss er det mest gode minner knytt til den lokale skulen. Og for å vere litt personleg: Når min eigen identitet – etter å ha budd nesten 60 år andre stadar – framleis er så sterkt knytt til Raudeberg og Nord-Vågsøy, er skulen ein viktig grunn til dette. Det gjeld både timane på skulen, men òg ettermiddagane vi sparka fotball på skuleplassen til det var så mørkt at vi ikkje lenger såg ballen!

Etter krigen har mykje endra seg i skulen. Læraryrket er gradvis blitt meir krevjande. Det er ikkje nok å vere ein flink undervisar. Disiplinære problem krev sitt, for ikkje å snakke om rapporteringa av likt og ulikt som tek både tid og krefter. Alt dette er med på å gjere læraryrket mindre attraktivt. Statusen er tilsvarande redusert. At skulen blir  mindre påakta enn han var, syner seg òg på skulebygningane. I tidlegare tider sette kommunane si ære i å halde dei ved like – kvite, velstelte bygningar som gav signal om at her skjedde noko viktig. No står dei ikkje så sjeldan skulane til forfall, ofte så lenge at det er uråd å få sett dei skikkeleg i stand igjen. Skram skole er ein av dei. Saman med Firda Canning og Framsteg har denne skulen vore ein flott representant for den storslegne byggjekunsten i det ekspanderande Måløy-samfunnet under og like etter fyrste verdskrig.

Ikkje berre har skulane fått for lite midlar til vedlikehald og oppussing. Dei er òg blitt ein salderingspost når kommunane skal sy saman budsjetta og må finne utvegar til å redusere utgiftene. Dei mindre skulane står då lageleg til for hogg. Mens optimismen ofte florerer i andre samanhengar i kommunen, nyttar ein her ei passiv framskriving av folketalsutviklinga som grunn for å slette slike skular av kartet. For Skavøypoll skule held ikkje dette i det heile. Denne skulen ligg nemleg i det einaste området i Vågsøy som har hatt betydeleg vekst i nyare tid. (I sjølve Måløy, minus Deknepollen og Holvik, bur det i dag faktisk færre enn i 1960.) Av arealmessige grunnar er òg Skavøypoll eit mykje meir eigna område for ein eventuell sentralskule i Vågsøy, slik rektor og tilsette ved denne skulen peikar på (Fjordenes Tidende, 25.11.).

At det kan vere nokre kroner å spare ved ei sentralisering, er sikkert rett. Men, som det òg ofte blir hevda, at dei små skulane gjev eit dårlegare tilbod enn dei større, finst det ingen dokumentasjon på. Sjølv om talet har minka dei siste tiåra, er framleis ein  tredjedel av alle skulane i landet mindre skular (fådelte skular). Sjølv har eg hatt det meste av yrkeslivet mitt i skulen, i ungdomsskulen og folkehøgskulen, men lengst tida i lærarutdanninga ved Høgskulen i Bergen. Erfaringa mi er at det ikkje er storleiken på skulen som avgjer kor godt skulen fungerer, men kvaliteten på lærarane som arbeider der og kor godt dei klarer å samarbeide.

Skulane må dessutan sjåast i eit større samfunnsperspektiv. Raudeberg skule er den einaste kommunale institusjonen vi har igjen i Nord-Vågsøy, med unntak av den eine avdelinga ved Skaretun omsorgssenter. Kor lite påakta denne delen av kommunen har vore av styresmaktene, er òg den svært dårlege vegen frå Kapellneset til Raudeberg eit eksempel på. Det skal godt gjerast å finne ein så trafikkert veg med ein så dårleg standard nokon stad i landet.

Men det som ikkje har blitt lagt til rette frå det offentlege, det har ein klart å få til ved privat initiativ. Særleg i 1950-åra var veksten formidabel både i næringsliv og folketal. Framleis har Raudeberg eit pulserande næringsliv. Flest arbeidsplassar er det innafor verkstadindustrien, som har klart seg godt heilt fram til i dag. Fiskeindustrien er ikkje på same nivå som tidlegare, men både Domstein og Babord Seafood A/S har planar om ny verksemd som kan vere med på å snu utviklinga. Skal den gamle industribygda få ein renessanse, er det likevel ikkje nok med arbeidsplassar. Skal her i framtida vere ein plass der folk kan bu og trivast, og ikkje ei «spøkjelsebygd», må det vere ein skule i nærmiljøet å sende borna til. Det er derfor å håpe at fleirtalet i kommunestyret held fast på tidlegare vedtak i denne saka.