Valet er gjort. Folket har sagt si meining. No veit vi kven som skal sitte i kommunestyra i kommunane våre. Vi veit også kvar i kommunane dei nye kommunestyrerepresentantane bur. Dette er spennande. Ekstra spennande i lokalval, og i alle fall i kommunar der kjøtvekta, og gjerne det «urettferdige» i korleis kjøtvekta slår ut, har vore eit stort tema både før og under valkampen.

Det kan sjå ut som uttrykket «det er kjøtvekta som rår» kanskje har fått ei ny meining, no når vektskålene har endra balanseforhold.

Har kjøtvekta gått ut på dato?

Svaret er ja. For i det nye kommunestyret i Kinn har 19 av 39 representantar bustadadresse eller er frå nordre del av kommunen. Det vil seie opp mot 49 prosent av kommunestyret. Til samanlikning er det ifølge Kinn kommune registrert 4.121 innbyggarar med stemmerett i nordre del og 9.099 personar med stemmerett i søre del. Ut frå dei tala skulle den frykta kjøtvekta altså gje eit utslag på 69 prosent overvekt til søre del.

Også i Stad kommune har kjøtvekta vore eit tema som har blitt flittig brukt før valet, men det var det nok ingen grunn til. 15 representantar har bustadadresse i gamle Selje og 14 representantar i gamle Eid. Saman med dei to representantane busett på Bryggja utgjer dei det nye kommunestyret i Stad.

Kva som har hendt her i dei relativt nye kommunane kan nok valforskarar gje ei betre analyse på, men det vitnar i alle fall om det har blitt kryssa og slengt ganske flittig under dette valet.

Valdeltakinga har ikkje vore den beste, men dei som har gjort borgarplikta si har i alle fall gjort ho grundig. Ifølge valstyret i Stad har veljarar stått opp til ein halvtime inne i stemmeboksen.

No er det noko lunde lik fordeling av representantar frå dei tidlegare kommunane som no er Stad og Kinn. I Stad er det til og med eit fleirtal frå gamle Selje.

Nokon meiner kanskje at dette er likevekt.

Vi gratulerer alle representantane med viktige verv og ønsker lukke til!