Ved hjelp av kunstig intelligens har NRK kartlagt alle naturinngrep i Norge dei siste åra. Ved å analysere over 40.000 satellittbilde tatt frå 2017 til 2022, fekk dei laga eit kart med alle naturområde som var blitt bygde ned. Funna er presentert i nettsaka Norge i raudt, kvitt og grått, og i TV-serien Oppsynsmannen.

Ein annan ting NRK har gjort, er å dele researchen sin med andre medium, som Fjordenes Tidende. I lenkene under vil du få sjå oversikter over dei største naturinngrepa i Kinn, Stad og Bremanger, og sjølv kunne studere korleis naturområda våre har utvikla seg.

Kinn

Stad

Det var store protestar mot Okla vindpark, men det førte ikkje fram. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Bremanger

Det er nyttig å sjå desse bilda og få konstatert endringane. For dei er ikkje synlege for alle som ikkje ferdast opp på den høgaste fjelltoppen eller ned i den djupaste fjorden.

Peter Øygard Oma, friluftsfaglig rådgivar i Norsk Friluftsliv, meiner vi lir av det han kallar endringsblindheit. Naturen forsvinn, men vi får det ikkje med oss. «Endringsblindheita er ei usynleg kraft som luskar, ler og godtar seg i skuggane, mens vi bygger ned naturen bit for bit» skriv han i eit lesarinnlegg frå i fjor.

Nedbygging av natur, klimaendringar og utrydding av artar burde eigentleg vekke sterke reaksjonar, men folk får det ikkje med seg. Det er jo berre ei myr, litt mose og nokre algar, seier vi kanskje. Korleis kan vi motverke denne blindheita? spør Oma i innlegget.

Det begynner i alle fall med ei litt meir bevisst haldning og kanskje litt meir kontakt med naturen enn mange av oss har i dag. Vi har blitt veldig vande med komfort og tekniske hjelpemiddel til det meste.

På den andre sida må ein også hugse på at all bygging i natur ikkje er nedbygging av natur. Vi ønsker jo at folk skal kunne bygge og bu i distrikta. I Fjordenes Tidende kunne du nyleg lese saka om Håvard Prestvik som gjerne vil bygge på familiegarden på Stadlandet og drive vidare, men ikkje får lov fordi det er rekna som matjord og huset ikkje er nødvendig for drifta.

I slike tilfelle må ein hente fram fornufta og sjå om det er mogleg å finne ei løysing.