Gratulerer så mykje til Sogn Avis som Årets lokalavis!

Fjordenes Tidende vart kåra til Årets lokalavis i fjor, og vil i det høvet også gratulere Sogn Avis som ny eigar av ein vandrepremie av eit spennande format. Vandrepremien er om lag 140 cm brei og 40 cm høg, men er berre eit par millimeter tjukk. Vi snakkar om eit måleri på ei elegant plate av lettmetall.

Det er Landslaget for lokalaviser (LLA) som kvart år kårar den beste lokalavisa i Norge. Årets lokalavis får saman med heider og ære altså denne fine vandrepremien for eitt år. Fjordenes Tidende tok imot prisen i 2002 under landsmøtet til LLA i Ålesund.

Ein kan fort tenke at dei som blir kåra som Årets lokalavis må gjennom to testar for å vise seg tittelen verdig. Den første utfordringa ein må gjennom er å få med seg vandrepremien heim. Etter litt omorganisering i den vesle redaksjonsbilen til Fjordenes Tidende gjekk det noko lunde greitt å få bildet i hus i fjor.

Slik såg vandrepremien ut på veggen. Foto: Håvar Fagerli

Det var stort for oss å ha dette bildet på veggen det siste året. Prisen har vore med på å motivere oss til å bli endå betre, og det er vi takknemlege for.

Men ein vandrepremie må vandre vidare. Den verkeleg store testen for Årets lokalavis er å få vandrepremien levert tilbake til neste prisutdeling.

Så glad blir ein når ein har fullført vidaresending av vandrepremien til Årets lokalavis. Foto: Privat

Arbeidet med dette logistikkprosjektet starta allereie tre veker før årets prisutdeling i Tromsø. Redaktøren vil takke alle som har stilt opp for å få bildet levert på scena i Tromsø.

Takk til lokale butikkar og fotografar som har hjelpt oss med å leite etter passande emballasje. Takk til lokale logistikkselskap som har ytt svært god sørvis. Takk til dei to resepsjonistane på hotellet i Tromsø som sende meg i feil retning med drosja då eg skulle hente bildet på Hurtigruteterminalen. Takka vere dei fekk eg ein heilt super guida drosjetur gjennom heile Tromsø, med kanskje den mest hyggelege drosjesjåføren i heile byen. Han sette i alle fall stor pris på turen.

Vandrepremien har vore ei ære å ha på veggen, men også tilbakeleveringa vart ei stor oppleving. Det er veldig kjekt at vandrepremien, etter å ha kryssa polarsirkelen, kom tilbake til Sogn og Fjordane. Det er stort!

Også Sogn Avis tykte at dette er stort. Foto: Skjermdump frå M24.no