«STYRK BARNEHAGANE»

Barnehagelæraryrket er under stadig større press. Det har det vore lenge, då løns- og arbeidsvilkåra aldri har vorte skikkeleg verdsette. No seier om lag ein tredjedel av barnehagelærarane at dei vurderer å slutte om ingenting vert gjort. I tillegg manglar landet vårt alt no om lag totusen femhundre av dei.

Dei fleste små barn har eit opphald i barnehagen i starten av livet sitt, ja, er der i mange timar kvar dag i tida før dei vert elevar. Tida deira i barnehagen skal vere prega av kvalitet, av at kvalifisert pedagogisk personale tek seg av barna i denne viktige tida. Vi har hatt dyktig og engasjert personale i barnehagane våre.

Barnehagen er ein viktig læringsarena både når det gjeld sosial og anna kunnskap eit barn si utvikling er avhengig av. Leik, utvikling og læring er kjernepunkt i ein god barnehage. Då må det vere nok pedagogar i barnehagane, og dei må ha tid til å ta seg av barna og kunne bruke kompetansen sin.

Barnehagane må styrast av barnehagelærarar i god dialog med heimane. Difor må regjering, Stortinget og kommunane no ta eit skikkeleg tak for å betre situasjonen for barnehagelærarne slik at dei kan og vil halde fram å arbeide med barna i tråd med vedtekne krav til yrket og institusjonen. Dessutan må grunnbemanninga aukast. Dei nye kommunestyra må halde eit vakent auge med dette.

Det hastar å auke rekrutteringa til dette viktige yrket. Difor må løns- og arbeidstilhøva no betrast monaleg. Dette må til for at dei små barna skal få den gode starten på utviklinga si i denne viktige offentlege institusjonen, grunnmuren i skulesystemet.