Skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus er i full drift

Skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus er i full drift. Helse Førde vurderer endringar i drifta som eitt av fleire moglege innsparingstiltak for 2024, men det er ikkje fatta noko avgjerd.

Det kan vere greitt å vite litt om bakgrunnen for at skadepoliklinikken vert vurdert, og korleis den vidare prosessen blir.

Skadepoliklinikken har to hovudfunksjonar; akutthjelp og kontrollar etter operasjon eller skadar. Ved gjennomgang av pasientvolumet ser vi at skadepoliklinikken har lite pasienttal på kveldar og i helgene. Dette gjeld pasientar som kjem inn til behandling av lettare skader som beinbrot og liknande. Meir alvorlege skadar blir sende til Førde sentralsjukehus eller Haukeland universitetssjukehus, uavhengig om skadepoliklinikken blir oppretthalden som i dag eller ei.

Bakgrunnen for at Helse Førde no vil vurdere dette tilbodet, er at skadepoliklinikken er ei kostbar vaktordning som treffer relativt få pasientar. Vi må sjå nærmare på vaktordninga slik den er i dag, og vurdere om desse pasientane kan varetakast på ein annan måte. Alle pasientar som har rett på behandling i spesialisthelsetenesta får det. Vurderinga vil gå på om dette kan skje på ein annan måte, slik at ressursane vert utnytta betre og meir hensiktsmessig.

Desse vurderingane vil verte gjort saman med alle berørte partar. Helse Førde har avtalt med kommunane, brukarrepresentant, tilsette sine organisasjonar og vernetenesta at vi skal gjennomføre tre samlingar i løpet av mars og april månad. På desse samlingane vil alle deltakarar få komme med sine innspel.

Eg ynskjer med dette å understreke at Helse Førde ikkje har konkludert i denne saka. Avgjerda vil først bli tatt etter at tilbodet er grundig gjennomgått – både med omsyn til korleis det er i dag, og korleis tilbodet eventuelt kan bli organisert i framtida.

Nordfjord sjukehus og kommunane rundt er ein viktig del av Helse Førde sitt samla tenestetilbod, og ein viktig del av pasientgrunnlaget til helseføretaket. Det er viktig for oss å sjå heilskapleg på tenestetilbodet. Dette er årsaka til at Helse Førde vil jobbe grundig med denne saka.