Skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus

Helse Førde har som fleire andre helseføretak ein svært pressa økonomisk situasjon og før jul kunne vi lese om at ein såg på over 70 konkrete kuttforslag. Nyleg vart det fatta vedtak om å legge ned tilbodet til pasientar med ruslidingar på Tronvik og å redusere tilboda som Helse Førde har i Florø.

Eit av kuttforslaga er å vurdere tilpassingar ved Skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus. Eg er uroa for tilbodet.

Då ortopedisk avdeling ved Nordfjord sjukehus vart nedlagt i desember 2011 vart det oppretta ein Skadepoliklinikk ved sjukehuset som eit kompenserande tiltak då den ortopediske beredskapen vart borte med Ortopedisk avdeling. Ein såg at det var eit behov for eit tilbod for befolkninga i regionen for å vareta pasientar med akutte, men mindre alvorlege problemstillingar. Eit av argumenta var at ein såg det var lang reiseveg til sjukehuset i Førde.

Seinare vart Skadepoliklinikken ein del av “Framtidas lokalsjukehus – Utviklingsprosjektet ved Nordfjord sjukehus”. I sluttrapporten for prosjektet frå 2013 kan ein mellom anna lese (s. 48): “..... Det vil vere viktig for innbyggarane i Nordfjord å ha nærleik til eit tilbod for behandling av hyppig førekommande tilstandar, som mindre alvorlege uhell og skadar. Samtidig med at den ortopediske verksemda ved Nordfjord sjukehus blei lagt ned i desember 2011, oppretta Helse Førde ein skadepoliklinikk for å ta hand om mindre alvorlege skadar, som ei mellombels løysing. Utviklingsprosjektet blei bedt om å ta oppgåva med å kome fram til ei meir permanent (mi utheving) løysing …”

Til Skadepoliklinikken vert det tilvist pasientar med problemstillingar som i hovudsak dreier seg om hud-, muskel- og skjelettskadar som i utgangspunktet ikkje treng kirurgisk behandling. Pasientar som har skader som treng operasjon vert lagt inn ved Sentralsjukehuset i Førde, eller ved Haukeland i Bergen. Skadepoliklinikken på Nordfjord sjukehus er bemanna av spesialistar innan ortopedi som jobbar ei veke om gongen og som syter for ein beredskap 24/7 heile året. Med erfarne legar på plass får ein, ikkje sjeldan ilag med røntgenlege, raskt avklart og greia ut ulike problemstillingar og lagt ein kompetent plan for vidare forløp.

Meir enn ein gong har sentrale myndigheiter vist til Nordfjord sjukehus og korleis ein har organisert seg der, som eit døme på ein framtidsretta modell for lokalsjukehus utan akuttkirurgisk tilbod, med tilpassa funksjonar.

Ein kan hevde at ingenting er skrive i stein og at det som gjaldt for 10 år tilbake ikkje er like aktuelt no, i alle fall no når økonomien i helseføretaket er som den er. Når det gjeld behovet for å ha eit desentralisert og tilpassa tilbod slik Skadepoliklinikken gjev i dag vil eg med utgangspunkt som fastlege og legevaktlege, med god kjennskap til kva som rører seg “på bakkeplan”, påstå at lite har endra seg. Argumenta om tilbodet står seg framleis, godt!

Tal konsultasjonar dei siste åra har vore stabilt rundt 2.800 per år, der rundt halvparten er kontrollar og oppfylging av pasientar som anten tidlegare har vore på Skadepoliklinikken initialt eller som starta behandlingsforløpet ved Sentralsjukehuset i Førde og så blitt overført for vidare oppfylging til Skadepoliklinikken.

Om Skadepoliklinikken vert tatt bort vil pasientar frå Nordfjord-regionen måtte reise lenger for å få helsehjelp, både akutt og planlagt, med kostnader det får både med tanke på reiseutgifter, bruk av ambulanse, og ikkje minst tidsforbruk for den enkelte pasient og pårørande. Fleire pasientar vil nok føretrekkje å reise til Volda sjukehus for å få helsehjelp, og dette vil medføre tap av inntekter for Helse Førde.

I Sykehustalen til helseminister Kjerkol for litt sidan uttalte ho mellom anna fylgjande: “ … og vi vil utvikle og styrke det desentraliserte sykehustilbudet i Norge, flytte meir av den elektive verksemda (planlagt aktivitet; t.d. kontrollar) ut til lokalsjukehus, og styrke den lokale akuttberedskapen.”

Eit vedtak som medfører ein reduksjon av det eksisterande tilbodet ved Skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus vil ikkje berre vere historielaust, men også gå heilt på tvers av føringar frå sentrale myndigheiter.