Nytt forslag til skatt på havbruk er godt nytt for kommunane. Kinn kommune får 10 millionar utover dagens løyvingar slik den nye produksjonsavgifta er forma ut. Naturressursskatten vert endra slik at kommunane får meir og oppdrettsselskapa mindre skatt. For Vestland fylkeskommune er utbyte enno større. Årleg løyving frå produksjonsavgifta aukar frå 13 til 51 millionar, ein auke på 38. Kommunane vil også sitte att med meir ifrå auksjonane på oppdrettskonsesjonar. I dag får kommunane 40 prosent, med det nye opplegget vil ein sitte att med 55. Beløpet her vil variere etter kor mange konsesjonar som vert lagt ut for sal og oppnådd pris. Men det vil bety millioninntekter for Kinn kommune.

Her blir det meir til velferd og næringsutvikling. Eg håpar verkeleg ikkje at Alfred Bjørlo og Olve Grotle skal bruke all sin politiske kapital til å ta ifrå oss desse midlane. Ver heller konstruktive inn i forhandlingane og sørg for at skatteopplegget vert til gunst for både kommunane og oppdrettsnæringa. Både Bjørlo og Grotle bør som tidlegare ordførarar forstå kor viktig slike inntekter er.

Sjølv om ikkje alle tala er klare enno er bildet det tydeleg. Staten får mindre inntekter, fylket og kommune meir. For oppdrettarane vil avgifta per kilo bli redusert frå 112 øre til 90. Grunnlaget for formuesskatt på eldre konsesjonar som Solberg-regjeringa innførte, blir halvert. Grunnrenta vert redusert frå 40 til 35 prosent. Oppdrettarar som tener under 70 millionar vil ikkje bli omfatta av grunnrenteskatt. Verdifastsettinga av fisken skal også baserast på marknadspris, ikkje normpris slik forslaget var først.

Dette forslaget er langt betre enn det førre var og her bør det vere rom for brei semje om det er vilje til det. Om det er ynskje om å ta inn meir skatt ifrå næringa må vi no byrje å nærme oss eit punkt kor vi kan gå vidare. Å byte ut grunnrente med meir produksjonsavgift slik Høgre har foreslått vil bety meir skatt, ikkje ulik formuesskatten, som er uavhengig lønsemd.