Følgjande skriv er sendt som ein uttale til Bremanger kommune frå Kalvåg bygdelag, Ryland grendalag, Nye Bremanger og Dalen grendalag.

Uttale angåande val av trasé for Kystvegen

Bygdelaga i ytre har no gått saman og vil gjerne komme med ein felles uttale til val av trasé for den nye kystvegen som skal gå gjennom kommunen og fylket vårt.

Det er viktige val som no skal takast, både med tanke på kva utvikling den nye vegen kan og vil føre til, men også med tanke på korleis samfunnet vil utvikle seg i påvente av den. Vi veit at det er usemje mellom indre og ytre delar av kommunen, men vårt ønskje er eit felles løft  som er til det beste for kommunen som heilheit og som vi håpar kan blir kommunestyret sitt innspel til vegvesenet.

Vi meiner at for Bremanger kommune sin del må prioriteringa først og framst ligge på kva trasé som vil gje størst nytte og effekt for kommunen sine innbyggjarar og næringsliv, pendlande arbeidarar og skuleelevar, og kva trasé som gjer best synergieffektar og framtidig utvikling. Dette er i tråd med fylkeskommunen sine samfunnsmål med kystvegen: - å skape vekst og utvikling i kystkommunane i tillegg til å utvide bu- og arbeidsområda langs kysten.

Delstrekning 4: Grov – Sørdalen

Her ønsker vi ytre alternativ via øyane.

Indre alternativ vil i stor grad være utbetring av dagens veg og vil gje ei berekna reisetid frå Svelgen - Florø 36 min/Førde 56 min mot dagens Florø 55 min/Førde 72 min.

Ytre alternativ vil gje ei berekna reisetid Svelgen – Florø 27 min/Førde 62 min.

Vi er nøydde til å stimulere til nye lokale arbeidsplassar og utvikling av eksisterande næringsliv ellers blir distrikta avfolka.

Vi meiner her at ytre alternativ vil gjere dette best for Bremanger kommune sin del.

Delstrekning 5: Sørdalen – Naveosen

Her ønsker vi ytre alternativ A1 frå nordsida av Rugsundøy til Almenningen.

Vi ser her at innbyggjarane i Ålfoten og omegn vil få noko lenger veg til Nordfjordeid i forhold til ei indre kryssing, men samtidig vil dei få 30 minutt kortare reisetid til Måløy enn ved dagens vegløysing. Vi har forståing for deira tilknytning til Nordfjordeid, men ei landfast tilknytning vil kunne opne opp for Måløy som bu- og arbeidsmarknad.

Då ferja Smørhamn – Kjelkenes vart tatt ut av drift, fekk innbyggjarane i Kalvåg og Bremanger vesentleg lenger veg sørover. I dag trur ikkje vi at det er nokon faste brukarar som vil tilbake til tida med ferje, sjølv om reisetida sørover er lenger.

Vi anser begge dei ytre alternativa for mest realistiske i forhold til kompleksitet og kostnadsnivå. Indre alternativ vil gje ei vesentleg dårlegare tilknytning til Vågsøy enn eit ytre alternativ og vil ikkje styrke næringslivssamarbeidet på kysten sørover til Flora i den grad ei ytre kryssing vil gjere.

A1 samanlikna med A2-alternativet i ytre ivaretek reisande til Nordfjordeid (og eventuelt vidare austover) ved å korte ned denne strekninga mest mogleg. Til Måløy er det liten/ingen skilnad i reisetid mellom A1 og A2, medan det er seks minutt skilnad til Nordfjordeid. Ved A1 ser vi også mulighetane for utvikling av nordsida av Rugsundøy, eit område som er relativt utilgjengeleg i dag.

Ved A2-alternativet er vi skeptiske til om Tongane kystfort kan verte skadelidande, om dette skulle bli foreslått frå vegvesenet si side ber vi om at det blir skåna frå inngrep på beste måte.

Det er kun ei bruløysing på denne delstrekninga vi ser som teneleg, men om det likevel skulle bli ei ferjeløysing som blir bestemt, ber vi om at ferja Stårheim – Isane blir beholdt som i dag.

Vi meiner ytre kystveg med bru vil tene kommunen best og vil med dette gje vår oppfordring til at dei traséane blir valgt.

På denne delstrekninga har vi òg støtte frå Berle grendalag.