Ope spørsmål til partia i Bremanger

Det var ikkje mykje vi fann om eldre i partiprogramma, sjølv om vi er den innbyggjargruppa som vert stadig større i Bremanger i mange år framover. Nokre parti ser ut til å ha gløymt oss eldre.

Eldrerådet trur fleire eldre veljarar ønskjer konkrete svar på slike spørsmål om eldrepolitikken til partia.

Eldrerådet i kommunen etterlyste meir fokus på eldre i dei forrige partiprogramma der eldre heller ikkje var mykje konkret omtalte. Nokre parti har sett eldrepolitikk meir på dagsorden i år. Det er bra, men mangt er uklart.

Eldrerådet i Bremanger har peika på trongen for tilrettelagte utleigebustader til eldre i åra framover, (jfr. Leve heile livet-planen). Vi har t.d. eit tidlegare Helsehus på Davik, som i all hovudsak har stått tomt lenge. Det vil kunne høve godt til eldrebustadar.

Kva parti vil støtte dette og ta initiativ i denne viktige saka for oss eldre?

Andre spørsmål rådet vil stille partia ut frå programma vi har motteke, er:

Høgre: Under «Leve heile livet – livskvalitet for dei eldre»:

«Høgre vil leggje til rette for at dei eldre kan bu heime så lenge dei kan».

«Høgre vil opprette fleire dagtilbod og møteplassar for dei eldre».

Kva konkret kjem Høgre til å ta initiativ til for å realisere denne lovnaden?

Sp: Under «Seniorpolitikk»:

«Vidareutvikle dagsentertilbod, samt at kommunen støttar opp om sosiale møteplassar i alle bygder».

Kva meiner Sp med det, og kva konkrete initiativ vil Sp ta for å få dette til i alle bygder?

KrF:

Kan ikkje finne noko spesielt om eldre i kommuneprogrammet. Vi er uteletne som prioritert gruppe.

Kvifor? Kva vil Krf konkret gjere?

Venstre: Under «Vil ta grep om framtida»:

«-vil ha gode tilbod for eldre, sjuke og pleietrengande», og ein desentralisert tenestestruktur.  Lite konkret om eldre.

Kva konkret legg Venstre i det «å ha gode tilbod for eldre»? Kva vil Venstre desentralisere?

SV: Under «Ein god plass å bu for alle»:

«SV vil sikre at alle skal oppleve ein trygg og meiningsfull alderdom og få den hjelpa dei har krav på og treng».

Kva initiativ kjem SV til å ta for å sikre dette for alle eldre i heile kommunen?

Arbeidarpartiet: Under «Helse og omsorg»:

«Vi ønskjer at eldre skal kunne bu heime så lenge dei ønskjer det når det er forsvarleg. Difor vil vi at det skal satsast meir på heimebuande eldre». «Styrke heimetenseta for eldre: Tiltak for å gjere det lettare å bu heime lenger og eller tilgang til bustad. Legge til rette for fleire eldretun».

Kva konkret er det Ap har i tankane på desse områda dei vil gjere i neste periode?

  • At eldre kan bu lenger heime?/Satse meir på heimebuande eldre? Tiltak for å bu lenger heime?

  • Styrke heimetenesta for eldre?

  • Legge til rette for fleire eldretun? Kva legg partiet i eldretun?

Industriparti og næringspartiet:

INP skriv: «Vi vil ha ein styrkt eldreomsorg der dei eldre og pårørande blir sett og høyrd».

Kva konkret vil partiet gjere for å oppnå dette?

Raudt

Raudt har vi ikkje programmet til.

Så kva er deira eldrepolitiske lovnader?