Om å lage eit aldervennleg samfunn

Regjeringa la den 16. juni fram stortingsmeldinga «Fellesskap og mestring – Bo trygt hjemme» - med utgangpunkt i det hyggjelege faktum at mange av oss lever stadig lenger her i landet. Talet på dei over 80 år vil doblast fram mot 2040, altså om berre 17 år. Kva må stat og kommune gjere no og i åra framover for å møte denne utviklinga?

Vi er sjølvsagt alle ansvarlege for å tenke tilpassing av eigen bustad med tanke på alderdommen og nye utfordringar mange av oss møter då. Eldrerådet i Bremanger har t.d. etterlyst betre informasjon frå kommunen om kva støtteordningar som finst i denne samanheng.

Det vil alltid vere slik at nokre av oss eldre vil ha trong for ny bustad når vi ikkje kan greie å bu i eige husvere lenger. Då er det viktig at kommunane har omsorgs- og eldrebustader til leige slik at eldre kan greie seg sjølve lenger utan å komme på sjukeheim. Slike bustader bør, slik styresmaktene har sagt i «Leve-heile livet-reforma», byggjast «i nærleiken av serviceinstitusjonar/tenestestader», slik det og er vedteke i Bremanger sin plan om dette.

Bremanger eldreråd har i vedtak 10.02.23 teke opp «framtidig bruk av Helsehuset på Davik», eit hus som delvis har stått tomt i åresvis, med unnatak av brannstasjonen i kjellaren. Huset ligg nær Klokkartunet. Det er utan tvil fleire eldre i indre del av kommunen og som vil trenge ein slik tilpassa bustad i nær framtid.

Eldrerådet, der eg er leiar, forventar difor at kommunestyret set saka på dagorden i budsjettsamanheng – dette og på bakgrunn av denne viktige eldrereforma som seier at eit desentralisert tilbod må prioriterast.