Veit de kva de gjer?

Jostein Nygård, Bremanger.

Storstilt utbygging av vindkraft i havet og elektrifisering av sokkelen, inklusiv auka oljeutvinning er Noreg sitt svar på klimaendringane og oppfyllinga av Parisavtalen, marknadsført under slagordet «det grøne skiftet».

Frå offentleg hald høyrer ein lite og ingenting om eventuelle negative verknader. Er det slik å forstå at dette er risikofritt?

Drivhuseffekten er gassar i atmosfæren som held tilbake varmestråling frå jorda slik at temperaturen i verda stig, inklusiv temperaturen i havet. CO2 vert rekna som den viktigaste klimagassen fordi den finns i store mengder og vert lagra i atmosfæren i fleire hundre år.

Samstundes er CO2 avgjerande for livet på jorda og i havet. Plantane nyttar CO2 til å produsere karbon til seg sjølve og oksygen (O2) til menneske og dyr (fotosyntesen). Problemet er at vi slepp ut langt meir CO2 til atmosfæren enn plantane kan bruke. Periodar med katastrofale vulkanutbrot med store mengder CO2 har i jorda si historie ført til minst fem masseutryddingar. I den verste forsvann omlag 90 prosent av livet på land og i havet.

I vår tid har vi større og raskare utslepp av CO2 enn dei forhistoriske vulkanutbrota p.g.a. stadig aukande energiproduksjon av fossilt brensel (olje, gass og kull).

Havet sin tilstand har forverra seg, spesielt dei siste 50 åra.(15) Prognosane for dei neste 80 åra er at omlag halvparten av artane på jorda forsvinn. OED-ministeren uttalte på TV2 Nyheter 23.04.2023 at Noreg skal auke utvinninga av olje som ein del av det grøne skiftet.

Havstraumane skapar ei utveksling av vatn mellom havområda og vertikal utveksling mellom overflatestraumar og straumar på store djup. Djupvatn er rikt på fosfater og nitrater  som plantene treng for ved hjelp av lys å danne organisk materiale av CO2 og vatn. Havet får ei oppblomstring av plankton (fytoplankton), mesteparten i kystsona, som fargar det grønt.

Planteplankton sitt forbruk av CO2 resulterer i halvparten av oksygenet i atmosfæren og er grunnlaget for mesteparten av det marine livet som m.a. utgjer maten vår frå havet.

Dette er den viktigaste grøne produksjonen på planeten vår, også i klimasamanheng.

Ein rapport fra NINA viser at tareskogane langs norskekysten bind over 13 millionar tonn CO2 i året. Det er meir enn regnskogane i Brasil. Nordvestlandet er verda sitt kjerneområde for stortare. I staden for å verne desse områda mot inngrep har Noreg gjeve store utanlandske selskap løyve til å skrape botnen i desse områda for stortare. På ein enkel tarestilk kan det leve opptil 100.000 individ av ulike artar som forsvinn saman med resten av næringskjeda når taren er borte. Rapporten konkluderar med at ved å verne viktige område med tareskog kan vi bidra til å bevare naturmangfald og meir opptak av CO2.

Det er ikkje berre fiskarane som er avhengig av livet i havet. Totalt produserar havet omlag 70 prosent av oksygenet (O2) som vi pustar inn og gir mat til omlag 3 milliardar personar.

Vibrasjon i turbinane resulterer i lavfrekvente lydbølgjer som flytter seg over store distansar i havet. Havforskingsinstituttet uttalar i Rapport 9 2008 mellom anna dette:

«Lavfrekvente lydkomponenter fra vindturbiner vil kunne maskere fiskens akustiske kommunikasjon og orienteringssignal. Slik kommunikasjon er ikke minst viktig i forbindelse med individinteraksjoner under gyting. Slike effekter kan spesielt ha negativ betydning for vandrende fiskearter til og gjennom de omsøkte områdene. Her må spesielt nemnes sild, hyse, sei og torsk på vandring mot de kjente gytefelt på Møre. Disse artene er ikke bare viktige for kystøkosystemet, men er også nøkkelarter i de store oseaniske økosystemene. Konsekvensen av å påvirke gytesuksessen deres kan derfor bli formidabel».

Havenergilova vart lagt fram og vedteken i Stortinget i 2010. I faktagrunnlaget til forvaltningsplanen for Norskehavet er moglege konsekvensar av vindkraft til havs på marine pattedyr og fisk vurderte som ubetydelege. Som ein konsekvens av dette faktagrunnlaget plasserte ein 15 område for vindturbinar langs norskekysten utan omsyn til det marine livet.

Forvaltingslova (FVL) §17 (forvaltingsorganet sin utgreiings- og informasjonsplikt) set krav til kunnskapsgrunnlaget i offentlege vedtak: «Forvaltingsorganet skal sjå til at saka er så godt opplyst som muleg før vedtak vert fatta».

OED (forvaltingsorganet) laga sitt eige kunnskapsgrunnlag som er det motsette av Havforskingsinstituttet sin konklusjon.

Vindturbinar til havs vil vere utsette for oljelekkasjar og havari på grunn av kraftige bølgjer og sterk vind. ToxProf er eit internasjonalt samarbeidsprosjekt mellom Noreg (NIVA, Biologisk Institutt UIO), Storbritannia, Spania og Frankrike. Forskinga viser at oljen kan bli giftigare når den vert broten ned i naturen og at giftstoffa i olje kan gje skade på DNA og påverke gytinga slik at den vert sett i gang på feil tidspunkt samt gje alvorleg skade på fiske-egg og larvar. Dermed vil konsekvensane kunne ramme fleire generasjonar fisk og i alvorlege tilfelle vil ikkje bestandane vere tilbake til normalnivået før etter over 50 år.

Turbinblad til vindturbinar består av glasfiber med mykje Epoxy og Bisfenol A som er eit hormonforstyrrande stoff. Rapporten Rain Erosion Maps for Wind Turbines Based on Geographical Locations: A Case Study in Ireland and Britain ved University of Strathclyde, januar 2021 er ein av få studium som omhandlar omfanget av utslepp m.a. av mikroplast frå rotorblad. “… «As a result, blades can experience significant erosion within just a few years, which considering their supposed 25-year service life, is a serious problem».

Forskarar frå HI og senter for ernæring ved UIB har undersøkt og oppsummert alle publiserte laboratorieforsøk fram til 2018 der akvatiske organismar har blitt eksponert for mikro- og nanoplast. Eit stort tal vitenskaplege artiklar viser at dersom ein eksponerer dyr og plankton for plastpartiklar får det negative effektar. Til mindre partiklane er til større er dei negative effektane: «Plastpartikler i mikrometerstørrelse kan gå inn i blodet og leveren. Når de er i nanometerstørrelse kan de tilsynelatende transporteres inn i alle vev.»

Stoff som har lang nedbrytingstid hopar seg opp oppover i næringskjedene. Menneske er på toppen av næringskjedene både i havet og på land. Prøver av brystmjølk frå 34 friske mødrer i Roma ei veke etter dei hadde født viste mikroplast i 75 prosent av prøvene.

Det er ikkje utan grunn at havretten inneheld «føre-var prinsipp». Noreg har signert avtalen, men brukar  ikkje føre-var prinsippet når det gjeld vindturbinar i havet.

Kvifor skal Noreg bruke hundrevis av milliardar kroner på å svekke det viktigaste grunnlaget for liv på jorda i nokre av dei mest produktive havområda i verda?

Det er i alle fall ikkje berekraftig etter FN sine krav.