Tilsvar til leiinga i Stad Vekst AS

Den 14.12.23 hadde leiinga i Stad Vekst eit marknadsføringsframstøyt i lokalavisene framfør komande kommunestyremøte. Innhaldet var dels sjølvskryt og dels ei kraftig uthenging av underteikna. Begge velkjende kommunikasjonsmetodar. Kva strategi som gjev best resultat overfor kommunepolitikarane er uvisst.

Det vert hevda at underteikna fer med løgn. Kva løgn snakkar de om? Beløpet eg viste til har eg frå ein e-post av 06.06.23 frå økonomisjef Ole Starheim med fylgjande ordlyd:

« 1–2. Vedlagt er tabell som syner kva tilskot/utbetalingar Stad Vekst AS har fått frå eller via kommunen sidan selskapet blei starta. Eg legg også ved sist oppdatert samarbeidsavtale, som er grunnlag for dei årlege tilskota. Vedlagt avtale er også svar til dykkar spørsmål 2. 3. Driftstilskota har ikkje vore grunnlag for anbod til fleire firma.»

Tabellen syner totale kommunale utbetalingar på kr 2.651,160,-, ikkje langt frå dei nærmare kr 3 mill. av fellesskapet sine midlar som eg skreiv i min artikkel.

Stad Vekst AS - tilskot 2018-2023
Fakturanr.ForfallsdatoBeløpUtbetalt frå
Tilskot 2023 KS 22/128+17318.01.2023500 000Stad
Utbetaling frå Oklafondet23.12.202220 000Stad
Næringsfond (statleg)22.06.202210 000Stad
Næringsfond (statleg)02.06.202250 000Stad
Kommunal kompensasjonsordning (statleg)17.02.202230 000Stad
Tilskot 2021 KS 21/03914.06.2021500 000Stad
Regionale tilskotsordningar (statleg)22.10.202037 500Stad
Økonomisk stønad 2020 - F-sak 20/04331.07.2020500 000Stad
Prosjekt #einstadiStad26.06.2020150 000Stad
Regionale tilskotsordningar (statleg)11.05.2020138 000Stad
FEN 037/1931.12.201950 000Fellesnemnd
Næringsfond (statleg)20.12.2019150 000Eid
Tilskot KS 077/18 - 50% + KS 032/1900.01.1900150 639Eid
Tilskot til næringslivssamling 201811.12.201830 000Eid
Tilskot KS 077/18 - 50%05.07.2018150 639Eid
Tilskot KS 050/18 - 50% + KS 044/1920.05.201992 191Selje
Tilskot KS 050/18 - 50%05.07.201892 191Selje
2 651 160

Rett nok var dei fyrste utbetalingane gjort i 2018, og det burde nok vore presisert betre. Men det endrar ikkje realitetane i saka. Pengane har gått inn i same sluket. Dessutan nok dei fleste fått med seg at det ikkje var størrelsen på beløpet som var mitt poeng. Men prinsippet om å nytte skattebetalarane sine pengar til subsidiering av private bedrifter eg er ueinig i.

Med so mange lokale bedrifter som aksjonærar, er det spesielt at Stad Vekst ber om kommunalt driftstilskott. Særleg når det same næringslivet ser ut til å sleppe skatt på næringseigedomar.

Å mota skuldingar gjennom lokalavisene om at eg fer med løgn, ikkje berre ein, men fleire gonger og driv med svertekampanje er spesielt. Men slett ikkje overraskande når det kjem frå Stad Vekst i saker som gjeld alternativt syn på ulike saker. Dette vitnar ikkje om særleg toleranse til andre meiningar enn eigne. Korleis det er mogleg å finne so mykje negativt i eit lite avsnitt avisinnlegget er vanskeleg å forstå. Det hadde nok hjelp å lese betre og referere til kva som faktisk står der.

Avslutningsvis vil eg ynskjer det privateigde aksjeselskapet Stad Vekst AS lukke til i konkurransen med andre liknande konsulentselskap. Men då utan subsidiar frå skattebetalarane sine pengar. Med den dårlege kommuneøkonomien som vert hevda er, bør kommunale midlar nyttast fullt ut til lovpålagde oppgåver innan helse/sosial og oppvekst/opplæring, eksempelvis til kreftkoordinator eller Bryggja Omsorgssenter.