Vi vil det beste for Florø. Men der nokon ser gull og grønne skogar ser vi ei grå framtid

Under Firdaposten sitt folkemøte kom det fram at det er blant dei unge i aldersgruppa 30-44 at motstanden mot Måsholmen-saka og nedbygginga av natur er størst. Likevel var det ikkje mange av oss som hadde taletid under møtet.

Det var lokalavisa, og ikkje kommunen, som hadde invitert til møtet på kulturhuset. Dette understrekar asymmetrien Stein Malkenes nemnde under sitt framlegg. Det vert ikkje lagt godt nok til rette for at medborgarar skal kunne delta i saker som direkte påverkar liva våre.

Dette ansvaret har lokalavisa vår tatt, og det skal dei ha skryt for. Men tross forsøket deira på å balansere debatten, så vart dessverre maktubalansen forsterka under folkemøtet.

Motstandarsida var representert ved Stein Malkenes frå Florø Bulystforeining og statslos Ove Henning Smelvær. Med to motstandarar sett opp mot seks forkjemparar bommar lokalavisa på å balansere dei representative sidene trass gode intensjonar og spørsmål. Spesielt med tanke på at analysen deira viser at totalt 44,8 prosent av befolkninga er litt eller svært negative til planane. 34,1 er litt eller svært positive.

Vi skulle gjerne høyrt meir frå dei unge motstandarane, men dei var gjerne opptatt med å legge dei små?

Vi er fleire som kunne tenke oss heim ein dag. Nokon av oss har allereie flytta hit for familie og naturen fordi vi vil at borna våre skal vekse opp i det trygge landskapet og dei gode omgjevnadane vi hugsar frå vår barndom. Men vi begynner å miste trua på at det er noko vi kan forvente.

Etter at Firdaposten hadde presentert meiningsmålinga, vart det tydelegare enn nokon gong at fleirtalet av politikarane ikkje lyttar til målgruppa som dei fleste kommunar i distrikta siktar seg inn mot for å sikre levedyktige lokalsamfunn. I det politiske panelet var det gitt uttrykk for at vi har nok av naturskjønne omgjevnader å ta av i Florø.

Spørsmålet då blir kor grensa skal gå, og om det ikkje er dei som representerer framtida som bør få sette denne grensa.

Dette handlar om mykje meir enn utvidinga av Gunhildvågen og Måsholmen-området. Det handlar om å ta innover seg at naturinngrep er og blir irreversible. Jo fleire inngrep ein gjer, jo mindre natur har vi.

Om dette fortset slik arealplanen legg opp til, vil industrien ikkje berre dominere på sørsida, men også vidare frå Botnastrand i nord og lenger innover Brandsøya og Grønenga.

Hovedinntrykket vi sit igjen med er at fleirtalet av politikarane vil halde fram med ein allereie etablert bit for bit-tankegang og byggje ned det vi har igjen av kystnatur rundt Florø. Vi kan ikkje gå tilbake i tid når vi ein dag innser at vi har øydelagt det vakraste vi hadde.

Vi har høyrt at det er for seint å snu i Måsholmen-saka, men i Øygarden kommune har dei gjort noko historisk. Der har dei stansa utbygginga av ein ferdig planlagt veg fordi dei har innsett at tida for bygging i myr og lynghei er forbi. Det er på tide at Florø og heng med i tida!

Så la oss snu på det heile. Vi er ikkje motstandarar av utvikling av Måsholmen. Vi er forkjemparar for Florø, naturen og borna våre. Vi vil det samme som politikarane: Det beste for Florø. Men framtidsbilda vi ser er ulike. Der nokon ser “gull og grønne skogar”, ser vi ei grå framtid. Det burde vere mogleg å få til til gode løysingar kor begge sider er høyrt, det eine utelukkar ikkje det andre.

Vi treng meir enn eit einsidig arbeidsliv. Vi treng eit mangfald av arbeidsplassar, og naturmangfald. For oss som velger Florø er nærleiken til natur ein viktig del av det som gjer byen vår så attraktiv. Det finst mange plassar vi kan velje å bu.

Vi vil utfordre politikarane våre til å ta dei unge med i sine framtidsplanar. For til no ser dei ikkje ut til å ta verken oss eller bulyst på alvor. Her vil vi oppfordre Aksello med deira engasjement for nettverket Flora U40 til å vere med og fasilitere ein betre dialog som inkluderer oss som vil bygge framtida vår i Florø.

Siri Linn Brandsøy, 38

Cecilie Eikås Nygård, 38

Suneeta Rani Gill, 45

Lasse Huldt Pedersen, 37

Eirin Stensvoll Brandsøy, 35

Elise Svardahl, 38

Synne Våge Jagedal, 31

Malin Johannessen, 32

Marthe Hestdal Standal, 36

Emilie Grube, 33

Merete Endestad, 38

Kjetil Øvregaard Østebø, 44

Tarjei Langeland, 42

Iris Kvellestad, 40

Margrethe Nygård, 36

Tonje Eikås Nygård, 33

Håvard Stubhaug, 37

Terje Klokkernes Jahn, 38

Sara Marie Ytreøy, 37

Charlotte Prydz Ottesen, 36

Alette Igland Avsnes, 28

June Osland Melvær, 32

Christian Tjessem, 37

Mari Melvær Langaas, 34

Øyvind Årdal, 35

Magnus Berge Melvær, 31

Olav Lima Frorud, 33

Irmelin-Therese Bjerknes Book, 47

Knut Grønlien, 47

Anette Berg Sundsøy, 34

Malene Berg Sundsøy, 28

Lene Ellingsund, 28

Christine Nordal Sunde, 34

Stian Nordal Sunde, 31

Hedda Marie Hopkinson Fonn, 24

Marius Hopkinson Standal, 37

Tobias Sagen, 26

Kristoffer Sigdestad, 29

Astrid Berg, 35

Anna Catharina Mølster, 28

Sandra Nekkøy, 31

Daniel Renè Notø, 34

Lisa-Mari Lundebrekke Swensen, 31

Erlend Baugstø, 38

Hilde Kristin Hovden, 31

Adrian Stamnes Rambjørg, 32

Robert Larsen-Hovden, 40

Therese Larsen-Hovden, 35

Christian Svardahl Hovden, 37

Sara Svardahl Hovden, 34

Camilla Hansen, 31

Hanne Sande, 32

Vilde Aaberg, 32